Fylkesordførar og leiar i det nyoppretta petroleumsrådet, Nils R Sandal, står i bresjen for den auka satsinga på å byggje opp oljemiljøet i Sogn og Fjordane. I går møttest representantar frå næringslivet og det offentlege i Florø for å diskutere vidare strategi for stasinga. Stikkorda var nettverksbygging og samarbeid.
Nils R Sandal håpar på fleire oljejobbar.
Og dette skal ein mellom anna få til med å opprette to nye stillingar som kjem i tillegg til oljekonsulenten fylkeskommunen allereie har i Florø.
Arbeidsplassane uteblir
Oljeproduksjonen på Tampen- området rett utanfor kysten av Sogn og Fjordane utgjer 50 % av Statoil sin årlege produskjon, og 28 % av samla norsk produsjon. Trass i dette har Sogn og fjordane berre 1,2 % av oljesysselsettinga i landet. Og nyleg vart det klart at fylket i sum har mista 1500 arbeidplassar- og det er kystkommunane som tapar flest. Difor er det viktigare enn nokon gong å auke oljesysselstinga i fylket.
Håpar på Gjøa
Sogn og Fjordane ligg langt bak nabofylka i både nord og sør når det gjeld oljesysselsetjinga trass i den store oljeaktiviteten nærast rett utanfor stoveglasa våre.
Oljebasen i Florø er drive av Saga Fjordbase på kontrakt for Statoil og sysselset totalt 350 personar. I år fekk selskapet ein ny fireårig kontrakt på basedrift for Statoil. Men mange har frykta for at Statoil skal reduserer denne drifta til eit minimum.
Nils R Sandal trakk mellom anna fram Gjøa- feltet som ligg midt mellom Lutelandet i Fjaler og Askvoll som eit felt dei ønsker å få kloa i. Og då er det ikkje så dumt å ha eit par statsrådar frå Sogn og Fjordane.