Hopp til innhold

Jente angripen av hund: – Det er svært beklageleg når slikt skjer

Onsdag vart ei 10 år gammal jente angripen av ein hund i skiløypa på veg ned frå Tverrfjellet i Stryn.

Arvid Hatledal

OPPMODING:–Eg vil oppmode hundeeigarane om å vere sitt ansvar bevisst og ha 100 prosent kontroll på hundane sine, seier Arvid Hatledal, som er dagleg leiar for Turløyper Stryn.

Foto: Silje Guddal / NRK

«Resultatet vart skade på arm, sundriven jakke og tur til legen for ei livredd jente» skriv Turløyper Stryn på sine Facebook sider.

– Slikt skal ikkje skje, og det er svært beklageleg når slikt skjer, seier Arvid Hatledal, som er dagleg leiar for Turløyper Stryn.

Hatledal har ansvaret for å legge til rette for at ski- og turglade har gode løyper i Stryn. Fint vêr og vinterferie dei siste dagane har fått mange til å trekke ut i løypene. Då er det viktig at alle viser omsyn, særleg dersom ein har hund med seg.

– Vi oppmodar alle om ha hundane sine i band. Det er og viktig at ikkje banda er for lange slik at ein ikkje har skikkeleg kontroll på hunden, seier Hatledal.

I hending på onsdag var hunden i band, men hadde alt for lang rekkevidd frå eigaren, skriv Turløyper Stryn på sine Facebook sider.

– Når det er så mykje folk i løypene er det viktig at ein har kort band på hundane. Her kjem folk køyrande på ski, og dersom ein har ein hund med fire – fem meter slakk i bandet, så er det farleg uansett, seier Hatledal.