Hopp til innhold

Jegermangel kan gi hjorteinvasjon

Det blir færre jegerar, og dei som er blir stadig eldre. Dermed klarar ikkje jegerane å skyte nok hjort. Snart kan det bli krevjande å kontrollere bestanden.

Hjort i Hemne

MEIR HJORT: Mange ekspertar rår til at kvotane blir så høge som mogleg til neste hjortejakt. Då trengst det fleire jegerar til å gjere jobben.

Foto: Glenn Thomas Nilsen

– Ein del stadar er ein alt komne i situasjonen, seier Alf Erik Røyrvik, leiar i Sogn og Fjordane Jeger- og fiskarforbund.

Vestlandet fløymer over av hjort. I fjor vart det skote 11.500 hjortar berre i Sogn og Fjordane, men alt tyder på at det likevel er blitt meir hjort enn nokon sinne.

I ein landsdel utan store rovdyr er det børsepipa som avgjer bestanden. Men jegerane blir færre og eldre.

– Dei er kanskje for få nokon stadar, og dei jegerane som jaktar strevar med å få tid til å jakte så mykje det er bruk for, seier Røyrvik.

Massiv hjortedød denne våren

Ein lang vinter og stor bestand har denne vinteren ført til at tusenvis av hjort svelt i hel.

Ved Norsk Hjortesenter fryktar Johan Trygve Solheim at så mykje som 10.000 hjort døyr av svolt i år.

– Vi snakkar om tusenvis, kanskje 10.000. Det er vondt å sjå at så mange dyr lir. Det er ein del av naturen, men også noko å tenke på når det gjeld menneska si forvalting av stammen.

Bønder i Stryn

ENORME MENGDER: Sigbjørn Kirkeeide og Ingebrigt Kyrkjeeide i Kirkeeide samdrift i Stryn ser rekordstore mengder med hjort på bøane.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Krisa gjer også at bønder får store flokkar med nær ihelsvoltne hjortar inn på bøane. Dyra går laus på rundballelager, og trakkar sund bøane. Gardbrukarane sit att med store tap.

På same tid vert det rapportert om rekordhøge tal hjortepåkøyrslar på vegane. 1600 påkøyrslar er 100 meir enn året før.

Større jaktkvotar, men færre jegerar

Mange ekspertar rår til at kvotane blir så høge som mogleg til neste hjortejakt. Då trengst det fleire jegerar til å gjere jobben.

Alf Erik Røyrvik seier hjortejakta er omfattande arbeid. Då er det fint med yngre jegerar i god form:

– Vi må ha eit godt tilbod slik at dei som er interesserte kan ta jegerprøva. Vi må legge til rette slik at desse faktisk får tilgang til jakt, slik at dei får erfaring og motivasjon, seier Røyrvik.