Hopp til innhold

– Ei ekkel oppleving å få hjorten på panseret

FØRDE (NRK): 2017 blei eit rekordår for hjortepåkøyrsel. Lindis Vinje Bergland fekk kjenne statistikken på kroppen før jul.

Lindis Vinje Bergeland

FEKK SEG EIN STØKK: Lindis Vinje Bergeland køyrde på ein hjort. Det var ei dramatisk oppleving.

Foto: Privat

– Då eg kom køyrande, hoppa det ein hjort over gjerdet og rett framfor bilen min, fortel ho.

Lindis Vinje Bergeland, som sjølv jobbar som utmarksforvaltar, blei sterkt prega etter ho køyrde på hjort før jul. Like før ulykka møtte ho ein bil på E39 forbi Mo i Førde. Ho slo av fjernlysa og senka farten.

– Eg såg at det sprang ein hjort mellom bilane og bremsa ned. Eg tenkte det gjekk bra og var ganske letta.

Men ut frå sida av vegen hoppa ein ny hjort inn framfor bilen.

– Eg måtte bråbremse, men såg at det ikkje ville gå bra. Eg trefte hjorten og den landa på panseret mitt. Det var ei skikkeleg ekkel oppleving og grusomt å sjå at dette faktisk ikkje går bra.

Rundi Sønnervik

SØKJER ETTER HJORT: Rudi Sønnervik og hunden blir kalla ut når hjortar blir påkøyrde.

Foto: Anders Martin Helle

Ser at det er ein oppgang

2017 var eit rekordår med 1600 hjortepåkøyrslar i Norge, nesten 500 av desse skjedde i Sogn og Fjordane. Det er ein auke på over 100 ulykker i fylket frå året før. Det viser tal frå Hjorteviltregisteret.

På riksveg 5 mellom Førde og Florø leitar Rudi Sønnervik etter hjortespor med hunden sin. Sønnervik gjer ettersøk av vilt i Sogn og Fjordane. For han er det uvisst kvifor hjortepåkøyrslane aukar.

– Det kan vere mange årsaker til at det blir fleire påkøyrsler. Eg har ikkje nokon fasit. Men i løpet av åra eg har jobba med dette, har det vore ein oppgang. Her vi står no er det sett opp blinkande lys, og det har det vore ein nedgang. Eg vil nesten tru at det er lysa som er årsaka til det.

Skjelven – men gjorde alt rett

Påkøyrd hjort

EIN AV MANGE: I fjor blei 1600 hjortar påkøyrde i Norge. Totalt blei det køyrd på 11.140 viltdyr i Norge i fjor, der 2154 av desse var elg. Arkivfoto

Foto: Rudi Sønnervik

Lindis Vinje Bergeland Bergland er utmarksforvaltar i Gloppen kommune og har alltid vore ein forsiktig sjåfør. Etter ulykka tek ho det enda meir med ro på strekker med mykje hjort.

På ei busslomme bak ulykkesstaden fortel utmarksforvaltaren kva ho tenkjer om bilistar si haldning til hjort.

– Folk veit det er mykje hjort, men held fartsgrensa likevel. Dei tek kanskje ikkje omsyn til at det er mørkt og dermed ikkje ser hjorten. Men det er heilt normalt, og eg var slik sjølv.

Men når ulykka først var ute, gjorde Bergland alt rett og melde frå til politiet på 02800. Hjorten ho køyrde på blei avliva av ettersøksjegarar grunna indre skader.

– Eg gjekk inn ein modus om at eg skulle gjere alt rett. Eg har refleksvest i bilen, og eg ringde politiet med skjelvande hender. Sjølv om eg godt visste kva eg skulle gjere, var det vanskeleg å få gjort det, for eg sat med ei ekkel kjensle i kroppen.

Rudi Sønnervik

BLIR BRUKT TIL ETTERSØK: På riksveg 5 mellom Førde og Florø leitar Rudi Sønnervik etter hjortespor med hunden sin.

Foto: Anders Martin Helle / NRK