Hopp til innhold

Jaktar på tjuvfiskarar

FLORØ (NRK): Statens naturoppsyn er dagleg på jakt etter ulovlege garn om sommaren. Tjuvfiske på laks og aure er eit stort problem, ifølgje leiaren i Nausta Elveeigarlag.

Statens naturoppsyn leitar etter ulovlege garn

– Vanlegvis så ser vi at det ligg kork og flyt i overflata inn mot land, seier Stig Inge Hauge, oppsynsmann i Statens naturoppsyn. Han er ute på fjorden for å jakte på ulovlege garn og veit kva han skal sjå etter.

Sommaren er høgsesong for fiske med ulovlege garn etter laks og sjøaure og nesten dagleg er Hauge ute på fjorden som oppsynsmann.

– Laks og aure svømmer høgt oppe i sjøoverflata. Derfor er det påbod om å senke ned garn med større maskevidd enn 32 millimeter til minimum tre meter, forklarar han.

Så langt i sommar har dei funne 12 ulovlege garn i Sogn og Fjordane, og omtrent det same i Hordaland.

Stig Inge Hauge

PÅ JAKT: Oppsynsmann Sting Inge Hauge er på jakt etter ulovlege garn gjennom heile sommaren.

Foto: ANDERS MILDESTVEIT / NRK

Kallar det «egoistfiske»

Konsekvensen av det ulovlege fisket på laks og sjøaure, er at fisken ikkje kjem seg tilbake til elva for å gyte.

I elva Nausta ved Førdefjorden har dei brukt langt over hundre tusen kroner på å leggje forholda betre til rette for laks og sjøaure dei siste åra. Mykje av fisken som eigentleg skal kome opp hit, kjem aldri lenger enn til eit ulovleg garn nede i fjorden.

Eiliv Erdal, som er leiar i Nausta Elveeigarlag, fortvilar over «fisketjuveriet»

– Eg synest det er grov miljøkriminalitet og eit ran frå fellesskapet, seier han.

Han trur det skjer like mykje tjuvfisking i fjorden, som regulert fiske i elvane og seier at dei som fiskar regulert deler hans syn.

Eiliv Erdal

DRIV REGULERT FISKE: Eiliv Erdal seier at dei som fiskar regulert i elvane er einige om at ein må ta vare på villaksen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Dei er einige om at vi må ta vare på villaksen og syte for at det er nok laks som gyter i elva. Dette er noko dei som driv med «egoistfiske», som eg kallar det, ser totalt vekk ifrå, meiner Erdal.

Situasjonen for villaksen og sjøauren har forandra seg betydeleg dei siste 20–30 åra. Dette er ein av grunnane til at Erdal synest det er viktig å få slutt på det ulovlege fisket.

– Berre ein brøkdel av fisken kjem tilbake til elva i forhold til tidlegare, forklarar han.

Stin Inge Hauge dreg opp ein ulovleg tein

DAGENS FANGST: Sting Inge Hauge fann ingen ulovlege garn denne dagen, men drog opp ei ulovleg krabbetein.

Foto: ANDERS MILDESTVEIT / NRK