Hopp til innhold

Handelssamarbeid vil presse prisane for bøndene fryktar bondelagsleiar

Eit innkjøpssamarbeid mellom matvarekjedene Coop og Rema 1000 vil føre til tøffare konkurranse for bøndene. Det fryktar fylkesleiar i Bondelaget, Per Hilleren.

Coop Extra og Rema 1000 i Sogndal

VIL SAMARBEIDE: Dei to matvarekjedene Coop og Rema 1000 ynskjer å samarbeide om innkjøp. Frå dei det som dei vil, fryktar Bondelagsleiaren at det går ut over både bøndene og forbrukarane, som her i Sogndal.

Foto: Montasje: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det blir færre som ein kan diskutere og forhandle pris med, så det blir ein mykje tøffare konkurransesituasjon for landbruket som skal selje inn varer, seier Fylkesleiar i Bondelaget, Per Hilleren.

I dag vart det klart at daglegvarekjedene Coop og Rema 1000 ynskjer å samarbeide om innkjøp av varer. Frå før har Norgesgruppen og ICA søkt om å få inngå eit liknande samarbeid.

Per Hilleren

FRYKTAR MONOPOLTILSTAND: Bondelagsleiar Per Hilleren trur matvarekjedene vil presse bøndene hardt på pris om ein berre blir ståande att med to aktørar i marknaden.

Foto: Steinar Lote / NRK

Sidan dette vil føre til store endringar i konkurransesituasjonen i norsk daglegvarehandel, og ein berre blir ståande att med to aktørar, skal Konkurransetilsynet sjå på sakene og vurdere om det i det heile let seg gjere å samarbeide.

Det er Hilleren glad for.

Det seier seg sjølv at når ein ikkje har så mange å forhandle med, så er ein prisgitt oppkjøparen. Og det blir ein dårlegare situasjon for forbrukaren også. Det er kjedene som ynskjer å styrkje sine posisjonar. Det er på tide at politikarane no grip fat og let lova om handelspraksis tre inn, seier Hilleren.

Målet med avtalen er mellom anna å presse Konkurransetilsynet til å seie nei til den liknande avtalen som Norgesgruppen og ICA Norge inngjekk i januar i år.

Fleire politikarar uroa over utviklinga

På Stortinget fryktar fleire næringspolitikarar monopol-liknande tilstandar i norsk daglegvarebransje om dei to avtalane blir ein realitet.

– Eg syns det ville vere uheldig. Det blir neste fråvær av konkurranse, seier Øyvind Korsberg frå Frp til NRK.no.

Også dei raudgrøne politikarane ser mørkt på eit slikt samarbeid.

– Det er direkte uklokt å bli ståande igjen med to store, tunge aktørar i norsk daglegvarebransje. Det er skadeleg for forbrukarane, for matindustri og for jordbruk, seier Senterpartiets Trygve Slagsvold Vedum.

– Det blir no teikna eit bilete der det berre er nokre frå som skal ha makt over det viktigaste vi har, nemleg maten vår. Her blir det samla altfor mykje makt på for få hender, seier Karin Andersen frå SV.

I sommar sa den raudgrøne regjeringa mellombels ja til avtala mellom ICA og Norgesgruppen i påvente av at Konkurransetilsynet skal bestemme lovlegheita av eit slikt samarbeid. No krev likevel både Frp, Sp og SV at Høyre/Frp-regjeringa grip inn dersom tilsynet godtek avtalen.

(Artikkelen held fram under)

matvarepriser

DÅRLEGARE TILBOD: Fleire politikarar både i og utanfor regjering er redd for monopol i matvarebransjen, og dårlegare tilbode for forbrukarane i butikkane.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

Kan seie ja til ei avtale og nei til den andre

Også Konkurransetilsynet er tilbakehalde med å uttale seg om avtalen mellom Rema og Coop no.

– Det som er viktig no, er at vi først kontaktar ICA og Norgesgruppen og gir dei vår vurdering av korleis dette vil påverke vårt arbeid med deira avtale. Deretter vil vi kome tilbake med vår vurdering, seier leder Christine Meyer til NRK.

– Er det muleg å seie ja til den eine og nei til den andre?

– Eg vil ikkje spekulere i kva som teoretisk er mulig. Vi vil gi våre vurderingar til ICA og Norgesgruppen om korleis vi skal jobbe med dette først, seier ho.

Allereie tidleg neste veke vil tilsynet ha møte med ICA og Norgesgruppen.

Hilleren er spent på utfallet.

– Det er klart dette kan bli utfordrande for bøndene. Så langt er det berre eit forslag, når Konkurranstilsynet har sagt sitt får vi sjå kva resultatet blir.