Hopp til innhold

Slik håpar dei å få ungdom på rett kjøl

Oppfølging i staden for fengsel skal hindre at ungdom blir vanekriminelle. Det er målet når det frå 1. juli i år blir innført ei såkalla ungdomsstraff for dei mellom 15 og 18 år.

Fengsel

SLEPP FENGSEL: Ungdom som blir dømde til ungdomsstraff slepp å sone bak murane, i staden er håpet at konfrontasjon med offer og streng oppfølging skal få dei på rett kjøl igjen.

Foto: Wirsching, Anne / Anne Wirsching/NRK

– Målet er å unngå å setje ungdom i fengsel, fordi ein ser at det ikkje nødvendigvis er det beste for dei, seier Bjarte Hauge.

Han er leiar for konfliktrådet i Sogn og Fjordane og har mange års erfaring med konfliktar der ungdom er involvert.

Frå 1. juli vil konfliktråda rundt om kring i Norge få meir å gjere. Frå den datoen blir det nemleg innført ein ny straffereaksjon for ungdom.

Domstolane kan no velje ungdomsstraff i staden for fengsel for unge lovbrytarar. Ordninga har vore testa ut fleire stader, men no blir det lagt pengar i potten slik at ungdom i alle fylke kan straffast på denne måten.

– Dette skal i hovudsak gjelde for ungdom mellom 15 og 18 år som står bak alvorleg eller gjenteken kriminalitet. Alternativet til ungdomsstraffa er fengsel utan vilkår, seier Hauge.

Sju av ti vender må i fengsel på ny

Ran, vald, grove innbrot og kjøp og sal av narkotika er blant lovbrota som kan føre til såkalla ungdomsstraff. Dette er lovbrot som elles kunne ha ført til fengsel, men det har vist seg at tid bak murane ikkje nødvendigvis får ungdomen på rett kjøl.

Av ungdom som har sona i fengsel, er det nemleg så mange som 70 prosent, sju av ti, som får tilbakefall.

Bjarte Hauge i Konfliktrådet i Sogn og Fjordane avviser at ungdomsstraff er ein lett utveg for ungdomen.

– Fengsel har ikkje nødvendigvis noko førebyggande effekt, men det at ungdomen må ta ansvar for det dei har gjort, og at det blir bygd opp eit nettverk rundt dei. Det har openbert ein betre effekt for å få dei på rett kjøl.

– Ein må tenkje at ein skal støtte ungdomen for å få dei på rett kjøl, og ikkje straffe dei, seier han.

(Artikkelen held fram under)

Bjarte Hauge, leiar for konfliktrådet i Sogn og Fjordane

INGEN LETT UTVEG: Bjarte Hauge meiner ungdomsstraff ikkje er noko enkel utveg for ungdomane, og viser til at det kan vere svært tøft å måtte stå til rette for det ein har gjort direkte ovanfor den eller dei ein har påført skade.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Må møte offeret ansikt til ansikt

Hauge viser fram eit av romma det konfliktrådet held stormøte i lokala i Førde. Det er eit heilt vanleg rom med bord og stolar, men under dei såkalla stormøta blir rommet ein arena der lovbrytaren må møte offeret og svare for seg.

Ungdom som blir dømde til ungdomsstraff får sakene sine overført til Konfliktrådet. Der må dei møte ansikt til ansikt med dei som har blitt råka av kriminaliteten deira. Hauge har fleire gonger sett at det er svært vanskeleg for lovbrytarane.

– Ofte kjem ungdomane inn og ser i golvet. Dei har gjerne capsen langt nede i panna, og dei fleste er ikkje så veldig stolte av det dei har gjort, seier Hauge.

– Det å møte i Konfliktrådet er nok betydeleg meir krevjande enn å sitje i retten der ein ofte har ein advokat som fører ordet for seg. I retten treng ein nødvendigvis ikkje seie så mykje, men det må du her. Her blir sakene gått nøye igjennom, og gjerningspersonen må svare for kva dei tenkte og kvifor dei gjorde som dei gjorde.

Stiller strenge krav til ungdomen

Konfrontasjonen mellom lovbrytar og offer blir kombinert med tett oppfølging over ein periode som er bestemt av retten.

Konfliktrådet lagar spesielt tilpassa opplegg for kva enkelt, der fleire ulike instansar inngår i oppfølgingsteamet som skal sikre at ungdomen kjem seg på rett kjøl, seier Hauge. I teamet kan det til dømes vere representantar frå Kriminalomsorgen, politi, skule, helsevesen og barnevern.

Saman med ungdomen blir det skrive planar med klare krav. Kontraktane kan til dømes seie at ungdomen skal gå til rådgiving, delta på sinnemeistringskurs, ha jamlege ruskontrollar og vere i anten skule eller jobb for å nemne noko.

– Alt etter kva som er problemet så må ein sikre at ungdomen får folk rundt seg som kan hjelpe dei. Har dei til dømes lese- og skrivevanskar, må vi sikre at dei får hjelp til dei. Har dei problem med å stå opp om morgonen, så må ein eller annan få dei opp, seier Hauge.

At enkelte vil hevde at ungdomen slepp for lett unna er ikkje Hauge samd i.

– Folk kan gjerne tru at dette er enkelt, men dei kan tenkje seg sjølve. Om dei har ei konflikt med naboen eller nokon på arbeidsplassen, kor lett er det då å møte den personen ansikt til ansikt og snakke om problemet? seier Hauge.

(Artikkelen held fram under biletet)

Urinprøve

RUSKONTROLL: I planen for oppfølging kan det til dømes vere krav til at ungdomen skal vere i skule eller arbeid, gjennomføre ruskontroll og delta i oppfølgingssamtalar.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Snudde statistikken på hovudet

Forskar Øyvind Kvello har vore med å teste metoden med ungdomsstraff i dei store byane. Gjennom prøveprosjektet har dei sett at statistikken for tilbakefall har blitt snudd på hovudet.

I staden for at sju av ti fekk tilbakefall, var det no sju av ti som ikkje fekk tilbakefall, seier Kvello.

– No har vi ikkje følgd dei lenge nok til at vi kan få veldig bombastisk ut, men det er så oppløftande at vi kan seie at denne metoden er langt meir effektiv enn fengselsstraff, seier forskaren.

Fleire suksessfaktorar

Han meiner det er to til tre suksessfaktorar som gjer at ungdomsstraff fungerer betre for å få ungdom på rett kjøl enn det fengsel gjer.

– Det eine er at ungdomen blir aktivisert. Dei må ta val, skrive kontraktar, og dei ser sjølve at dei lærer noko, seier Kvello og viser til at ungdomen til dømes må gjennom rådgiving og sinnemeistringskurs.

– Det andre er at dei blir aktive med å finne ut kva dei kan gjere for å få ting betre, og kva som skal til for at dei får gjort opp for den skaden dei har påført samfunnet eller andre.

– Det tredje er møtet mellom gjerningspersonen og offeret, der lovbrytaren må ta ansvar og forklare kva som førte til hendinga, seier Kvello.

Konfliktrådet vil få meir å gjere, men Bjarte Hauge trur innføringa av ungdomsstraff er eit stort framsteg.

– Ein kan få desse ungdomane til å bidra i samfunnet, i staden for å berre vere ein utgiftspost, seier han.