– Det er eit paradoks, og det seier eg til turistane. «Jo lenger de flyr for å koma hit og sjå breen, jo lenger blir gåturen opp til brefronten».
Steinar Bruheim har ført tusenvis av turistar opp på Nigardsbreen, inst i Sogn. Det blir stadig vanskelegare å finna ei god rute opp på den farlege isen. Sidan 1963 har brefronten trekt seg ein kilometer tilbake.
Dei siste åra har fleire og fleire av dei som kjem til breen vore frå Asia, og spesielt Kina. Frå 2007 til 2017 har Asia vore eit satsingsområde for norsk reiseliv.
BREFØRAR: Steinar Bruheim i Jostedalen.
Foto: Patrick da Silva Sæther / NRKBruheim er dagleg leiar i Jostedalen breførarlag, og seier dei ikkje vil marknadsføra seg i land så langt vekke. Klimaeffekten det har er hovudårsaka.
– Det er greitt nok å driva miljøvenleg her, men det er berre eit plaster på såret. Reisande langvegsfrå er ikkje bra for klimaet, seier han.
Må gjera enorme endringar
Allereie no ser me konsekvensane av at
.I fjor haust kom FN sitt klimapanel med ein
som konkluderte med at verda må gjera enorme endringar veldig raskt, dersom me skal avgrensa oppvarminga til 1,5 grader. Og at me med dagens innsats ikkje har sjanse til å nå det målet.– Det passar ikkje inn å marknadsføra Noreg i land så langt vekke, om me skal nå dei internasjonale klimamåla, seier Karen Richardsen Moberg, som er klimaforskar ved Vestlandsforsking.
– HENG IKKJE SAMAN MED VERKELEGHEITA: Klimaforskar Karen Richardsen Moberg seier at å marknadsføra Noreg i land der turistane må ta lange flyturar for å koma hit, ikkje går i lag med å nå klimamåla.
Foto: Sondre Dalaker / NRKKostbare flyreiser
– Ein person som flyr tur/retur Beijing-Oslo slepp ut like mykje CO₂ som ein gjennomsnittleg nordmann gjer på seks månader, seier ho.
- I Noreg slepp kvar av oss gjennomsnittleg ut 10,3 tonn CO₂-ekvivalentar i løpet av eit år.
- Éin person som flyr tur/retur Beijing-Oslo slepp ut opp mot 5,6 tonn CO₂-ekvivalentar, alt etter kva faktorar ein tek med i reknestykket.
Sjølv om ein reknar på mest mogleg konservativ måte, viser reknestykket at ei slik flyreise slepp ut minst ein fjerdedel av det årlege gjennomsnittsforbruket til ein nordmann.
– Me har isbrear som smeltar, og me veit at det skjer på grunn av klimaendringar og temperaturendringar. Samstundes prøver me å selja breane med «kom og sjå dei før dei forsvinn» til folk der transporten deira bidreg til å auka problemet, seier Richardsen Moberg.
TREKT SEG TILBAKE: Nigardsbreen har trekt seg tilbake 2852 meter sidan første måling av brefronten i 1899.
Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK– Eit dilemma
Dei siste tre åra har Innovasjon Norge
. I desember vedgjekk Bente Borgen Holm, reiselivsdirektør i Innovasjon Norge, at satsinga i Kina har ein miljøkonsekvens.Innovasjon Norge og Fjord Noreg har jobba tett saman rundt satsinga på den kinesiske marknaden, som er i
.– Den asiatiske marknaden veks uansett om me jobbar mot den eller ikkje. Me prøver difor å få dei «rette» turistane hit; dei som blir lengst mogleg, set eit minst mogleg klimaavtrykk når dei er her og legg att mest pengar, seier Kristian Jørgensen, administrerande direktør i Fjord Noreg.
Han legg likevel ikkje skjul på at det er eit stort dilemma at flyreisene legg att eit så stort klimaavtrykk.
– Det er ein balansegang mellom klilma, arbeidsplassar, lønsemd og verdiskaping me kjenner på, og det tek me på største alvor.