Hopp til innhold

Siste sjanse for Sogn og Fjordane i regjering

Jula 2016 var truleg siste sjanse for Sogn og Fjordane å få delta i regjeringa. Den kom og gjekk. Utan noko julegåve til trivselsfylket.

Statsminister Erna Solberg med nyutnevnte statsråder på Slottsplassen etter statsråd på Slottet tirsdag ettermiddag.

SLOTTSPLASSKIFTE: Statsminister Erna Solberg (H) henta inn (f.v.) Frank Bakke-Jensen (H) som ny EU-minister, Per-Willy Amundsen (Frp) som justisminister og Terje Søviknes (Frp) som energiminister. Det var truleg det siste store skiftet i regjeringa.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

I det norske regjeringsapparatet sit det i dag 19 statsrådar, 50 statssekretærar og 23 politiske rådgjevarar. Ingen av dei kjem frå Sogn og Fjordane.

– Dette er noko vi har påpeikt heile perioden. Vi er ikkje tilfreds med at fylket ikkje er representert, seier fylkesleiar Vidar Grønnevik i Høgre.

– Vi forventar at vi skal ha representasjon i det sentrale regjeringsapparatet. Men vi har ikkje nådd fram med det så langt.

– Kvifor ikkje?

– Desse posisjonane er attraktive, og det er mange om beinet.

Vidar Grønnevik

SKUFFA OVER EIGA REGJERING: Fylkesleiar Vidar Grønnevik i Høgre har jobba for å få nokon frå fylket inn i maktapparatet.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Dei siste åra har regjeringa jamleg bytta ut sitt mannskap.

Kvar einaste gong utan at nokon frå Sogn og Fjordane fekk kome inn.

Truleg var siste sjanse for Sogn og Fjordane rett før jul då tre statsrådar og ei rekkje statssekretærar og rådgjevarar vart bytta om. Heller ikkje då kom det med nokon frå fylket.

Under den raudgrøne regjeringa til Jens Stoltenberg (Ap) hadde Sogn og Fjordane på det meste tre statsrådar.

Det var fornyingsminister Heidi Grande Røys (SV), kunnskaps- og seinare miljøvernminister Bård Vegar Solhjell (SV) og samferdsels- og seinare kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp). I tillegg var det fleire statssekretærar frå fylket.

Laga liste

– For eitt år sidan sa du som påtroppande fylkesleiar at dette var den viktigaste saka du skulle jobbe med. Kva har du gjort sidan då?

– Vi har teke ei runde i alle lokallaga og fått innspel frå kandidatar som er motiverte for denne type utfordringar, og som har ein bakgrunn som gjer dei skikka. Den lista har vi sendt over til det sentrale partiapparatet.

– Kva skjedde med den lista?

– Så langt har vi ikkje fått utteljing. Men vi jobbar vidare, seier Vidar Grønnevik i Høgre.

Frank Willy Djuvik på Sunnfjord hotell

HEIMEKJÆR: Frank Willy Djuvik (Frp) meiner det for vanskeleg for politikarar å forsake familie og plikter heime, til å reise til Oslo og bli ein del av maktapparatet.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Problemet er å bu i Oslo

I Framstegspartiet er forklaringa noko anna. Fylkesgruppeleiar Frank Willy Djuvik har vore den mest markante politikaren deira i fylket. Han er ofte peika på som kandidat til regjeringsapparatet.

Han seier det er for tøft å flytte til Oslo.

– Sogn og Fjordane Frp har mange dyktige folk som kunne hatt posisjonar i regjeringsapparatet om dei ønska det. Men når det er slik at ein må flytte til Oslo, og vere på det sentrale Austlandet 24 timar i døgnet, 365 dagar i året, er det vanskeleg for dei aller fleste å gjere det for ein kort valperiode.

– Men det er jo mange i regjeringsapparatet frå mange ulike stadar i landet?

– Ja, det er mange som gjer den prioriteringa. Men folk prioriterer ulikt.

Ikkje flinke nok?

– Dei aller fleste i regjeringsapparatet er folk som bur i det sentrale Austlandsområdet. Det er dumt at det er slik. Samtidig er det forståeleg. For jobben er såpass krevjande.

– Er det slik at folka i Sogn og Fjordane Høgre og Frp ikkje er flinke nok til å delta i regjering?

– Nei! Det er eg 100 prosent sikker på. Vi har mange dyktige folk, seier Frank Willy Djuvik bastant.