Hopp til innhold

Skuffa over at knapt nokon frå fylket har fått plass i det nye regjeringsapparatet

Bjørn Lødemel (H) vil ikkje vere skuffa over at han ikkje har fått plass i det nye regjeringsapparatet. Men at det er så lite folk frå Sogn og Fjordane med likar han ikkje.

Bjørn Lødemel

SKUFFA: Bjørn Lødemel (H) er skuffa over at det er så lite folk få Sogn og Fjordane i det nye regjeringsapparatet.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Eg er skuffa over at det ikkje er andre frå Sogn og Fjordane med, både i forhold til statssekretærar og politiske rådgjevarar.

– Eg har merka meg det, og det er skuffande, seier Lødemel til NRK.no onsdag ettermiddag.

To med lause band til fylket

Etter at Erna Solberg i dag presenterte den nye regjeringa er det klart at det ikkje blir statsrådar frå Sogn og Fjordane. I den raudgrøne regjeringa hadde fylket to statsrådar, Liv Signe Navarsete som kommunal- og regionalminister, og Bård Vegar Solhjell som miljøvernminister.

I Solberg-regjeringa får fylket to statssekretærar med delvis tilknyting til fylket, men ingen ministrar. Hanne Blåfjelldal (32), som bur og jobbar i Høyanger, blir ny statssekretær i landbruksdepartementet, medan Himanshu Gulati som er fødd i Førde og oppvaksen i Lavik, blir statssekretær i Samferdsledepartementet.

Høgre sin Bjørn Lødemel har blitt trekt fram som mogleg kandidat til jobben som landbruksminister, men den jobben er det Sylvi Listhaug (Frp) frå Møre og Romsdal som får.

Vil ikkje vere skuffa på eigne vegner

– Kvifor vart ikkje du statsråd?

– Det veit eg ikkje. Dette har vore ein veldig kabal som skulle gå i hop, og eg må berre respektere dette, seier Lødemel.

– Er du skuffa?

– Eg har ikkje lov å vere skuffa over at det er sett saman ei god regjering med mange dyktige folk. Det blir spennande å jobbe inn mot dei som har fått statsrådspostar, seier Lødemel.

«Det måtte damer inn»

Fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen, har tidlegare sagt at han kunne sjå for seg Lødemel i kommunal, samferdsle og landbruksdepartementet. Overfor avisa Firda vedgår han i dag at han er skuffa over at Lødemel ikkje vart landbruksminister.

– Når landbruksministeren forsvann ut av nevane på oss var det nok meir tufta på at det måtte damer inn i regjeringa og. Regelen er no at det skal vere nokolunde lik kjønnsfordeling, seier Mjømen til Firda.

– Eg konstaterer at det vart ei dame som vart landbruksminister, og det blir spennande å følgje ho vidare, er Lødemel sin kommentar til Mjømen sitt utspel.

Men sjølv om han altså ikkje vil vere skuffa over at han sjølv ikkje fekk noko rolle i regjeringsapparatet, er han skuffa på fylket sine vegne. Kva konsekvensar det får veit han ikkje enno, men lovar å jobbe hardt framover.

– Vi har eit solid mannskap i ordførarane våre, og vi skal gjere mitt for at vi har eit godt kontaktpunkt inn mot Stortinget, seier Lødemel.

(Artikkelen held fram under biletet)

Liv Signe Navarsete

MYKJE MAKT: Liv Signe Navarsete meiner det er synd for fylket sin del at det ikkje er fleire frå Sogn og Fjordane i det nye regjeringsapparatet.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Synd for Sogn og Fjordane

Sp-leiar Liv Signe Navarsete måtte i dag gje frå seg nøkkelen til kontoret der ho dei siste åra har vore kommunal- og regionalminister. Ho er skuffa over at Sogn og Fjordane har lite folk i det nye regjeringsapparatet.

– Det er synd for Sogn og Fjordane. Eg er ikkje sikker på om alle skjønnar kor mykje makt som ligg i det å vere statsråd og sitje i regjering.

– Ein har tilgang til alle departement heile tida, og kan ta ein telefon til dei andre statsrådane kor tid som helst. Det gir mange moglegheiter til å få saker avgjort i den retninga ein ønskjer, seier Navarsete.

– Viktig å jobbe godt saman

Ingrid Heggø

STÅ PÅ: Ingrid Heggø (Ap) seier stortingskandidatane frå fylket må vere på og passe på sakene som er viktige for framtida til Sogn og Fjordane.

Foto: NRK

Ho trur det no blir endå viktigare at dei fire stortingsrepresentantane frå fylket jobbar saman.

– Heile stortingsbenken må jobbe godt i lag. Både dei som høyrer til regjeringspartia og støttepartia, men og at heile benken kan samarbeide og løfte fram viktige saker for Sogn og Fjordane, seier Navarsete.

Stortingskandidat for Arbeidarpartiet, Ingrid Heggø, trur også det blir viktig for fylket sine representantar å jobbe hardt.

– Eg ser vi ikkje har fått noko særleg med posisjonar, så eg håpar vi ikkje blir gløymde. Vi andre må vere flinke til å passe på dei sakene som er viktige for Sogn og Fjordane, seier ho.

Fryktar ikkje for fylket sine interesser

Frank Willy Djuvik

TRYGG: Frank Willy Djuvik (Frp) kjenner seg trygg på at interessene til fylket skal bli ivaretekne i den nye regjeringa.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik, får heller ingen plass i det nye regjeringsapparatet. Sjølv med svært lite folk frå fylket i regjeringskorridorane kjenner han seg trygg på at interessene til Sogn og Fjordane skal bli godt ivareteke.

– Vi ser at sju av statsrådane kjem frå Vestlandet, og det er klart at dette vil ha stor påverknad for politikken, også for utviklinga av Sogn og Fjordane i åra som kjem, seier han.

Han seier at fleire av partiet sine statsrådar har god kjennskap til dei Sogn og Fjordane sine utfordringar, og viser til at Vestlandet også har fleire statssekretærar og politiske rådgjevarar.

– Så eg er på ingen måte uroa for at Sogn og Fjordane ikkje skal bli ivareteke, seier han.