Vidar Grønnevik

TEK KAMPEN: Vidar Grønnevik står fram og lanserer sitt eige kandidatur for å bli ny leiar i Sogn og Fjordane Høgre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kampen om leiarvervet

Vidar Grønnevik tek omsider bladet frå munnen. Han tek kampen mot Noralv Distad om å bli ny fylkesleiar i Høgre.

– Fylket vårt er dårleg representert i maktapparatet i Oslo. Vi er ikkje til stades i regjeringsapparatet i heile tatt. Difor er det viktig med ei sterk og klår røyst inn mot Oslo om saker som er viktige for fylket. Det er det som interesserer meg mest å bidra med.

Dette er årsaka til at Vidar Grønnevik no vil bli fylkesleiar i Høgre. Han er i dag fylkesnestleiar, og er inne i sin tredje periode i bystyret i Flora.

Det har vore kjent at fleire av dei største lokallaga ønskjer at nettopp Grønnevik skal bli ny leiar. Men valnemnda har peika på Noralv Distad.

Høgre-folk i hjarterota

– Vi har lokallag i alle dei 26 kommunane i fylket. Vi har eit potensial til å auke aktiviteten og få meir engasjement der. Det vil eg prøve å bidra til, seier Vidar Grønnevik.

– Kva er skilnaden på deg og Noralv Distad?

– Eg kjenner Noralv som ein dyktig og triveleg kar. Han vil heilt sikkert gjere den jobben like godt som nokon andre. Vi har ulik profil og bakgrunn. Vi står neppe i ulike politiske fløyer, men kan sikkert vere usamde i einskildsaker. Vi er nok Høgre-folk, begge to, til djupt inn i hjarterota.

På fylkesårsmøtet i Loen 27. februar skal medlemmar frå heile fylket avgjere kven av dei som skal leie partiet vidare.

Jacob Nødseth

PERSONSTRID: Vidar Grønnevik (t.h.) stod steilt i striden om og med Jacob Nødseth (ståande, t.h.) i 2013. Grønnevik var då leiar Flora Høgre. Jacob Nødseth vart til slutt vedteken ekskludert frå partiet. Her møtte dei til meklingsmøte på partikontoret i Førde, desember 2013.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Strid, uro og kamp

– Både Sogn og Fjordane og Flora Høgre har vore prega av interne stridar dei siste åra. Korleis skal du bidra til ein slutt på det?

– Etter at vi hadde ei oppreinsking i Flora for to-tre år sidan, har det ikkje vore meir bråk der. No kan vi vere einige eller ueinige, men det er ikkje strid.

– Men det har også vore diskusjonar om fylkessekretæren si rolle, og det var problem under generalforsamlinga i Unge Høgre. Det verkar som det har vore mykje personstrid i Høgre dei siste åra?

– Unge Høgre og Senior Høgre har sine eigne organisasjonar som styrer seg sjølve. Eg legg meg ikkje opp i det. Saka om fylkessekretæren vil eg ikkje kommentere. Der er vi samde i fylkesstyret om at det er fylkesleiaren som uttaler seg.

– Du har lang erfaring og ei rekkje styreverv frå næringslivet, men ein temmeleg beskjeden politisk CV. Kva vil det bety for ditt kandidatur?

– Det vil eg ikkje spekulere i. Eg har hatt verv i meir enn halvparten av alle kommunane i fylket dei siste 20 åra. Så eg kjenner fylket godt.

Ut med utkantane

Vidar Grønnevik, Hanne Husebø Kristensen og Bengt Solheim-Olsen

FLORØ-TRIO: Vidar Grønnevik er inne i sin tredje bystyreperiode i Flora. Her er han på fylkesårsmøte i Sogndal i mars 2013. Han var då lokallagsleiar, Hanne Husebø Kristensen var gruppeleiar og Bengt Solheim-Olsen var då ordførar i Flora.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Dag Frøyen i Florø-avisa Firdaposten skreiv nyleg ein kommentar kalla «Ei toppleiing som vil ut, må ut». Her peika han på at fleire av dei sentrale tillitsvalde i partiet kjem frå utkantkommunar som kan kome til å bytte fylke som følgje av kommunereforma.

Det blir peika på sitjande fylkesleiar Arve Mjømen frå Gulen, leiarkandidat og fylkesgruppeleiar Noralv Distad frå Aurland og stortingsrepresentant Bjørn Lødemel frå Hornindal.

Dag Frøyen konkluderer slik:

Med ei slik leiing har fylkespartiet ei stor indremedisinsk utfordring som berre kan reparerast ved eit skifte i toppen.

Dag Frøyen, kommentator / Firdaposten

Vidar Grønnevik kommenterer:

– Eg registrerte den artikkelen. Eg trur det er viktig at våre tillitsvalde kjem frå både store og små kommunar.

– No har vi hatt ein periode der mange av dei sentrale tillitsvalde kjem frå små utkantkommunar. Då er det kanskje ikkje unaturleg å tenkje at ein må få inn fleire frå dei større og meir sentrale kommunane.

Dei to kandidatane har dessutan kvar sine roller i striden om Fjord1. Som fylkesgruppeleiar har Noralv Distad i ei årrekkje ivra for at fylkeskommunen skulle selje seg ut av selskapet. I desember var han ein del av fleirtalet i fylkestinget som gjorde nettopp det.

Vidar Grønnevik er på si side valt som styremedlem i det nye Fjord1-styret. Han har hatt ei rekkje styreverv i næringslivet i fylket.

Noralv Distad Høgre fylkestinget

KANDIDAT: Noralv Distad er ordførar i Aurland og leiar Høgre si fylkestingsgruppe.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Må tole leiarkamp

Noralv Distad var førebudd på at det kunne bli konkurranse om leiarvervet.

– Det var ikkje uventa. Eg er kjent med at det var fleire lokallag som ville ha Grønnevik.

– Toler partiet dette?

– Ja, alle parti må tole at det er fleire kandidatar til eit leiarverv.

– Det er viktig at vi i Sogn og Fjordane Høgre ser framover og byggjer organisasjonen. Vi skal halde på vårt stortingsmandat og auke oppslutnaden.

– Kva er skilnaden på deg og Grønnevik?

– Eg er ikkje så veldig oppteken av det. Eg vil byggje organisasjonen vidare, både i fylket og i partiet sentralt.

Nytt styre i Unge Høgre Sogn og Fjordane

BUNDEN: Unge Høgre-leiar Peter Hollevik (midten) frå Florø får ikkje stemme på sin sambygding Vidar Grønnevik. Årsmøtet har pålagt han å stemme på Noralv Distad.

Foto: Unge Høgre

Ungdommens røyst

Ved førre leiarval var det florøværingen Bjørn Hollevik som stilte mot sitjande leiar Arve Mjømen. Då fekk Unge Høgre mykje av æra, for at Mjømen gjekk sigrande ut.

Difor er det knytt spenning til kva ungdommen vil røyste i denne omgang. Og det vart diskusjon om dette på den omstridde generalforsamlinga i Unge Høgre nyleg.

Der vart avgjort med eit knapt fleirtal at den nyvalde fylkesleiaren i ungdomspartiet må stemme på Noralv Distad.

Dermed må unge Peter Hollevik frå Florø røyste mot sin sambygding Vidar Grønnevik på fylkesårsmøtet.

– Det kan eg bekrefte er vedteke, sa ein ordknapp Hollevik tidlegare denne veka.

Det er usikkert kven resten av Unge Høgre-delegatane vil stemme på.

Arve Mjømen

AVTROPPANDE: Arve Mjømen frå Gulen går av som fylkesleiar. Han vil gjerne ha konkurranse om sin etterfølgjar. Men ikkje strid.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Håpar å unngå personstrid

Avtroppande leiar Arve Mjømen vil ikkje flagge høgt kven han støttar av dei to kandidatane. Han er mest oppteken av at det er sunt med fleire kandidatar til viktige verv.

– Det er veldig bra at det er fleire som interesserte i leiarvervet. Det er viktig at det blir ein kamp om vervet. Men mitt store håp er at det ikkje blir til ein personstrid.

– Toler partiet kamp om leiarvervet?

– Høgre har vore litt for forsiktige til å opne for slike kampar. Vi bør tole dette.

– Kven vil du sjølv støtte?

– Det vil eg ikkje uttale meg om foreløpig. Eg synest valnemnda har gjort ein god og grundig jobb.

Verken Arve Mjømen, Noralv Distad eller Vidar Grønnevik torer å spå kven som kjem sigrande ut av leiarkampen.

Sistnemnde seier han vil respektere fylkesårsmøtet, uansett korleis det måtte gå.

– Det ser ut som det blir eit «close race». Fylkesårsmøtet avgjer. Den avgjerda skal eg ta av meg hatten og bukke for, og leve godt med. Uansett utfall, seier Vidar Grønnevik.