Dette provoserer Wåge. - Enten burde dei sendt ut til alle husstandane, eller så burde dei latt vere. Dette er statleg informasjon som skal fram til alle, og då bør dei velje dei kanalane som gjer at dei kan få det ut til alle, seier han.
Informasjonsavisa frå Helse Vest kom som eit vedlegg i Firda i går. Firda dekker i hovudsak Sunnfjord, og kjem ut i eit opplag på vel 14.000. Informasjonsavisa inneheld artiklar om fritt sjukehusval, pasientrettar, og ulike behandlingstilbod i Helse Vest. Den blei trykt i 260.000 eksemplar, fordelt på Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.
Ville spare pengar
Informasjonssjef i Helse Vest, Bjørg Sandal, seier at avisa er meint å nå alle, men vedgår samstundes at den ikkje kjem heim til alle innbyggjarane. Informasjonsavisa kjem ut som eit vedlegg i ei avis i kvart helseføretak, i tillegg til at ho vert sendt til alle sjukehus og fastlegar, og ho ligg på Internett, seier ho.
Bjørg Sandal forklarar det låge opplaget på avisa med eit ynskje om å spare pengar.