- Spesielt er dette rart når høgskuleleiinga hevder at det som kan redde studiet, er eit auka samarbeid med næringslivet, seier Åsen.
Opnar for samarbeid
I går vedtok eit samrøystes styre ved Høgskulen i Sogn og Fjordane å legge ned ingeniørutdanninga i Førde. Men det vert opna for at studiet kan fortsette dersom ein får til eit nærare samarbeid med næringslivet, og at dei raskt kjem med konkrete framlegg til korleis dei kan bidra.
Overraska over vedtaket
Leiaren i industriforeininga er overraska over vedtaket om å legge ned studiet kom før dei vart spurde om sitt syn i saka, spesielt med tanke på at så mykje no skal vere opp til næringslivet.
- Flinke nok
Rektor ved høgskulen meiner på si side at dei har vore flinke nok til å ta med næringslivet i forkant av vedtaket.