Hopp til innhold

Imponert over dei lokale talenta

Harald Aabrekk var mest oppteken av éin ting etter 3-1-sigeren over Førde: Dei lokale talenta som fekk prøve seg.

- Det er utruleg imponerande. Det syner at det gror godt i Dale og i Florø, seier Harald Aabrekk.

Han har nett vore vitne til at Sogndal oppskriftsmessig banka fylkets nest beste lag komfortabelt 3-1 i Sognahallen. Førde tok først leiinga ved Ruben Holsæter, men etter at laga gjekk til pause på 0-1 viste Sogndal kven som er storebror i fylket:

To kjappe mål av Ole Jørgen Halvorsen snudde oppgjeret, før 15-åringen Stefan Aase frå Florø fekk vise seg fram med ein lekkerbisken av ei scoring like før full tid.

Vil satse på lokale talent

Stefan Aase gjorde dessutan jobben bak straffesparket, som Halvorsen scora på.

- Det var ei fantastisk scoring. Stefan Aase er både tøff nok og har teknikk til å gjere det, seier Aabrekk.

Han let tvillingbroren Peter Aase starte kampen saman med FSK-kollega Martin Solheim-Olsen og Dale-spelaren Vegard Dyrstad.

- Vi ønskjer å vere eit fylkeslag, og samstundes skal vi vere eit tilbod til dei største talenta i fylket, seier Sogndal-trenaren.

Var nøgde - trass tapet

På Førde-benken var også stemninga positiv, trass i tapet mot Sogndal.

- Det var alt i alt ein veldig bra kamp av oss, meiner Ruben Holsæter.

Han stod bak kampens første mål, etter at Steinar Tenden gjorde eit godt forarbeid og serverte spissen framfor mål med eit presist innlegg.

- Eg synest kampen syner at vi har noko å fare med. Eg håpar og trur at vi er eit betre lag i år, og at vi skal klatre på tabellen, seier Holsæter.

- Mykje bra på gang i Førde

Holsæter har lenge vore i søkjelyset til Sogndal, men har no bestemt seg for å spele sesongen for Førde.

Han brukar ikkje energi på at klubbane ikkje kom til semje om ein overgang.

- Eg kan godt tenkje meg å spele for Sogndal på eit seinare tidspunkt. Det er ein flott klubb, seier han.

- No har eg det bra i Førde, og det er mykje bra på gang her, seier Holsæter.

Fleire debuterte for Sogndal

Ole Marius Gundersen debuterte for Førde, og synte at han kan bli ei viktig forsterking framfor sesongen.

Ein annan som debuterte var Sogndals Espen Næss Lund. Han kom inn etter pause, og hadde ein ikkje altfor travel dag på jobben - men klarte seg bra den omgangen han spelte.

LES OGSÅ:

Også nyervervingane Kenneth Udjus og Cato Hansen debuterte, og fekk spele ein omgang kvar i treningskampen. Udjus markerte seg mest med lange utspel, medan Hansen var eit friskt pust i andre omgang.