Hopp til innhold

Saftkokaradn nøgd med bytehandel

Sogndalsupportarane vedgår at dei kjem til å sakne keeper-kjempa Piotr Leciejewski som no går til Brann. Samtidig har dei tru på at dei får to spelarar i retur som vil blø for klubben.

Saftkokaradn-flagg

NØGDE MED BYTEHANDEL: Sogndalsupportarane i Saftkokaradn er nøgde med bytehandelen mellom Sogndal og Brann.

Foto: Sander Heggheim/NRK

- Dei fleste i Saftkokaradn meiner dette er ein god handel for Sogndal, seier styremedlem Andreas Hodlekve til NRK.no.

- Rask spiss og brukbar keeper

Det er no klart at den mykje omtalte bytehandelen mellom Sogndal og Brann vert noko av.

Piotr Leciejewski som vart rekna som 1. divisjons desidert beste keeper går frå Sogndal til Brann, medan sogneklubben får spissen Cato Hansen og keeper Kenneth Udjus i retur.

- Vi får ein rask spiss og ein keeper som er på eit brukbart nivå, seier Hodlekve.

Mykje fram og tilbake

Det har vore mykje fram og tilbake med byttehandelen mellom dei to klubbane. Det har lenge vore klart at Leciejewski vil vekk frå Sogndal, men det skal ha gått tid å få på plass ein avtale som også Udjus og Hansen har ville godta.

(Artikkelen held fram under biletet)

Piotr Leciejewski, Kenneth Udjus, Cato Hansen

BYTEHANDEL: Det er desse tre det handlar om. Piotr Leciejewski vil vekk frå Sogndal, og bytehandelen med Kenneth Udjus og Cato Hansen er truleg i boks.

Foto: NRK/SCANPIX

- Kjem til å sakne Piotr

Hodlekve vedgår samtidig at Leciejewski kjem til å verte sakna, mykje på grunn av den sterke jobben han har gjort på bana.

- Men Leciejewski vil vekk frå klubben og vi ønskjer å ha spelarar som blør for Sogndal, seier Hodlekve.

- Er Udjus og Hansen spelarar som vil blø for klubben?

- Vi får håpe det. Hansen har fått lite speletid på Brann og eg reknar med han ønskjer å spele fotball nokre år til. Så då er det flott at vi får ein rask spiss.

- Kva med Udjus på keeperplass då?

- Slik eg har sett på Brann sine eigne sider så meiner mange supporterar at Udjus er ein betre keeper enn Håkon Opdal, men at Opdal rett og slett har hatt klippekort, seier Hodlekve som alt i alt meiner byttehandelen er gunstig for sogneklubben.

- Piotr har vore helten

Også styreleiar i Saftkokaradn, Geir Frode Lunden trekk fram den gode jobben Piotr Leciejewski har gjort for klubben.

- Vi vil takke Leciejewski for dei åra han har vore i klubben. Han har vore helten og kjempa, og gjort ein fantastisk jobb for klubben. Piotr har betydd utruleg mykje og kjem til å bli sakna, seier Lunden til NRK.no.

Også Lunden respekterer Leciejewski sitt ønskje om å forlate klubben.

- Vi ønskjer han all lukke i Brann. Samtidig er Hansen og Udjus velkomne.

Lunden trur Sogndal kan få sjå eit spennande spel med Hansen på spissplass.

- Eg trur vi vil få sjå eit heilt anna offensivt spel med Hansen og Eirik Bakke i lag. Det vert spennande og nytt, seier Lunden.