NRK Meny
Normal

Illsinte bønder seinka trafikken på E39

I ei lang traktorkolonne viste bøndene på Breim i ettermiddag si sterke misnøye med Staten sitt tilbod i årets jordbruksoppgjer. Dette er berre den spede starten på det som kan bli omfattande aksjonar dei neste vekene.

Bønder aksjonerte med saktegåande traktorkolonne på E39 i Gloppen

SINTE: Bøndene i Gloppen er både sinte og oppgitte over det dei meiner er manglande vilje til å prioritere distriktslandbruket. Her seinkar dei trafikken på E39 med ei kolonne på over 30 traktorar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi er forbanna over den totalt manglande viljen til å bruke budsjettkroner på distriktslandbruket. Det er så provoserande at vi blir forbanna og oppgitte, rasar Anders Felde, leiar i Breim Bondelag til NRK.no tysdag føremiddag.

Berre vel ein time etter at det vart kjent at det er brot i jordbruksforhandlingane stilte bøndene i Gloppen mannsterke til den første aksjonen.

Markeringa av misnøya med staten sitt tilbod var planlagt på førehand, men fekk ekstra styrke etter at det vart brot i forhandlingane.

– Det blir garantert aksjonar i ei eller anna form. Bøndene er fortvila og i harnisk, varsla Per Hilleren, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag tysdag ettermiddag og fekk bevis på det berre minutt seinare.

(Artikkelen held fram under videoen)

Bøndene i Gloppen er både sinte og oppgitte over det dei meiner er manglande vilje til å prioritere distriktslandbruket.

SEINKA TRAFIKKEN: Bøndene hadde møtt mannsterke opp for å vise si misnøye. På meieriet på Byrkjelo fekk dei svar på tiltalte frå fylkesleiaren i Frp, Frank Willy Djuvik. FOTO/REDIGERING: Stine Kyrkjebø Johansen.

– Passar oss svært bra med eit brot

Det skjedde langs E39 i Gloppen, der over 30 traktorar køyrde i kortesje frå Reed til Byrkjelo. Med ein fart på 15 kilometer i timen danna det seg raskt lang kø bak dei mange traktorane.

Den lokale bondelagsleiaren la ingenting i mellom når han adresserte Sylvi Listhaug og den blåblå regjeringa. Han meiner bøndene ikkje hadde noko anna val enn å bryte forhandlingane.

– Etter det eg forstår har det ikkje vore vilje overhovud til å bruke budsjettkroner på oss. Vi er lut lei måten Sylvi Listhaug omtalar oss bøndene på.

– Ho snakkar til oss som vi var mindreverdige, så det at det vart eit brot passar oss svært bra. No får vi uttrykke vår misnøye, seier Anders Felde tydeleg provosert.

Begge partane beklaga brot

Det har vore stor avstand mellom partane etter at det sist veke vart kjent at Staten sitt tilbod var på berre ti prosent av bøndene sitt krav. For medan bøndene ville ha 1500 millionar kroner ekstra neste år , var Staten sitt tilbod på 150 millionar kroner.

Under ein pressekonferanse tysdag ettermiddag vart det klart at partane har brote forhandlingane, då avstanden er for stor til å kome til semje.

– Avstanden mellom partane er veldig stor. Det gjeld både ramma og fordelinga. Eg beklagar at det ikkje var mogleg å kome til ei løysing, men vi kunne ikkje gå med på premissane som staten la opp, sa Bondelagsleiar Nils T. Bjørke under pressekonferansen.

Også landbruksminister Sylvi Listhaug gav uttrykk for at ho beklaga brotet.

– Det er beklageleg at jordbruket bryt forhandlingane, for vårt mål var å få til ei avtale, sa Frp-statsråden.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brudd i jordbruksforhandlingene

ISFRONT OG BROT: Landbruksminister Sylvi Listhaug sitt tilbod til bøndene var langt mindre enn dei kravde. Stemninga mellom partane var amper då dei tysdag ettermiddag kunngjorde at det er brot i forhandlingane.

Foto: Siv Sandvik / NRK

– Eit definitivt nei

I landbruksfylket Sogn og Fjordane kom ikkje brotet i forhandlingane overraskande. På Breim i Gloppen hadde bøndene tromma saman til markering av si misnøye, med bondelagsleiar Anders Felde i spissen.

Han legg ikkje skjul på at han aller helst skulle hatt ein annan person i stolen som landbruksminister.

– Men mest truleg må de leve med denne landbruksministeren i nokre år til, kva får de ut av å bryte forhandlingane og seinke trafikken på E39 med ei slik traktorkolonne?

– Vi seier eit definitivt nei til det industrilandbruket som landbruksministeren ønskjer seg. Det har vore mislukka i store deler av verda og det er ikkje noko grunn til at det skal lukkast i Norge heller, seier ein provosert bondelagsleiar.

– Folket støttar oss

Bak dei over 30 traktorane på E39 danna det seg raskt køar, og hos dei få møtande bilane var det for det meste smil å sjå.

– Eg opplever at heile den norske befolkninga støttar oss. Her ser vi dei vinkar til oss, og dei viser oss tommelen opp, seier Anders Felde frå førarhuset fremst i kortesjen.

– Folk er opptekne av landbruket og spesielt distriktslandbruket. Ein har alltid dei som har dårleg tida og er misnøgde med slike aksjonar, men stort sett har vi formidabel støtte.

(Artikkelen held fram under)

Bønder aksjonerte i Gloppen berre timar etter brotet i jordbruksforhandlingane

AKSJON: Bøndene aksjonerte i Gloppen berre timar etter at det vart kjent at det er brot i jordbruksforhandlingane. Her er det Høgre som får passet sitt påskrive.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Set sin lit til Stortinget

Når det no altså er brot i forhandlingane blir det opp til Stortinget å avgjere kor mykje ekstra bøndene skal få til neste år.

Sidan Høgre og Framstegspartiet ikkje har fleirtal i Stortinget, har bøndene håp om at dei skal vinne fram og få meir enn det dei blåblå tilbydde dei.

Felde set sin lit til at Venstre, KrF og Ap skal sikre bøndene ein betre avtale.

– No får vi sett dei som har vore store i kjeften på prøve, seier Felde.

Tysdag ettermiddag gir både KrF og Venstre uttrykk for at dei meiner regjeringa og jordbruket gav seg for lett. Dei er skuffa over brotet, og ber partane om å møtast til forhandlingar på ny.

(Artikkelen held fram under)

Frank Willy Djuvik og Anders Felde i samband med bondeaksjonen i Gloppen tysdag ettermiddag

DJUPT USAMDE: Frp-politikar Frank Willy Djuvik (til venstre) og Anders Felde, leiar i Breim Bondelag.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Ei grov overdriving

Traktorkolonnen enda opp på meieriet på Byrkjelo der dei sinte bøndene møtte Frp-leiar i Sogn og Fjordane, Frank Willy Djuvik. Han fekk høyre den tydelege misnøya frå bøndene.

– Vi støttar brotet i forhandlingane 100 prosent, og oppmodar alle bønder over heile landet til å stå på barrikadane. Vi håpar du Frank kan vere ei klar stemme inn mot Sylvi Listhaug, og seie frå at nok er nok, sa bondelagsleiar Anders Felde før han gav ordet til Frp-politikaren.

– Det er ikkje riktig framstilt at dette er eit tilbod som vil rasere norsk landbruk. Når ein seier dette vil føre til ei nedlegging av norsk landbruk, så er det ei grov overdriving, sa Frank Willy Djuvik til dei frammøtte.

Overfor NRK.no vedgjekk Frp-fylkesleiaren at den tydelege motstanden gjorde inntrykk.

– Eg synest alltid at engasjement er bra, og eg skjønnar dette er ei sak dei er veldig opptekne av. Men eg er litt skuffa over at dette i stor grad blir grunngitt med kjensler og feil informasjon, understreka han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bønder aksjonerte med saktegåande traktorkolonne på E39 i Gloppen

SAKTEGÅANDE KOLONNE: Bøndene i Gloppen stilte både mannsterke og traktorsterke då dei tysdag ettermiddag køyrde i ei saktegåande kolonne på E39.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Meiner regjeringa har lytta

Fylkesleiaren i Frp var klokkeklar på at han meinte tilbodet frå Staten til bøndene i stor grad har blitt framstilt på feil måte.

Han viste mellom anna til eit besøk på meieriet i Byrkjelo tidlegare i år, der statssekretær Hanne Blåfjelldal hadde teke med seg signal frå nettopp den lokale bondelagsleiaren.

– Vi fekk beskjed om at årets tilbod måtte ha ei innretning som gjorde at det lønna seg for bøndene å satse. Det vart vist til at mange bønder som investerte stort på 1970 og 1980-talet no hadde valet mellom å satse eller å leggje ned.

– Vi vart bedne om å sikre lønnsemd slik at investeringane lønnar seg. Og det har vi gjort i det tilbodet som Staten har gitt. I tillegg har vi ikkje rørt distriktstilskotet som skal sikre at vi har eit landbruk over heile landet, sa Djuvik.

Mana til «god tone» framover

Sylvi Listhaug og Frp sin fremste mann i landbruksfylket avviste også skuldingane om at tilbodet legg opp til det bøndene kallar «eit industrilandbruk».

- De er bønder, og de veit kva eit industrilandbruk er. Eit fjøs med mellom 130 og 140 kyr og to mjølkerobotar er ikkje eit industrilandbruk.

Frp-politikaren mana til slutt bøndene til å halde ein god tone i tida framover. Han la ikkje skjul på at han mislikte bruken av plakatar av typen «Svik» og «Ut med Listhaug».

– Eg håpar vi kan ha ein tone i denne debatten framover som er faktabasert og som spelar på det som er realitetane.

– At ein ikkje nødvendigvis prøver piske opp stemninga med karakteristikkar verken den eine eller den andre vegen, eller spelar på kjensler eller ting som er direkte feil, sa Djuvik med klar adresse til dei frammøtte bøndene.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anders Felde, leiar i Breim Bondelag

FORBANNA: Bondelagsleiar i Breim, Anders Felde, legg ingenting i mellom når han rasar mot den blåblå regjeringa. Her leiar han an traktorkolonnen som seinka trafikken på E39 gjennom Gloppen tysdag ettermiddag.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Håpar tilbodet blir ståande

Allereie før regjeringa la fram sitt tilbod til bøndene var fylkesleiaren ute og spådde eit tidleg brot i forhandlingane. Han seier han likevel er skuffa over at det i dag enda med brot.

– Eg trur det hadde vore i bøndene si interesse å forhandle ut frå at regjeringa no har vist ein ny kurs i landbrukspolitikken. Og det er mange bønder som har bede om ei slik kursendring, seier Djuvik til NRK.no etter aksjonen.

Han seier det er umogleg å spå kva som skjer vidare, men håpar Stortinget held fast ved det tilbodet den blåblå regjeringa har lagt fram.

– Det av den enkle grunn at eg ser at det er dette som skal til for å hindre at vi kjem i ein situasjon der landbruket blir bygd ned, utan at vi greier å fange opp arealet som blir ståande.

– Det vil føre til attgroing, og Sogn og Fjordane er blant fylka som vil få svi om vi ikkje gjer strukturelle grep som styrkar dei som ønskjer å satse på dette som ei heiltidsnæring, seier Djuvik.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast