– Eg trur det blir beintøft. Konkurransen er lagt til same tida på året som då Roald Amundsen sjølv gjekk over Hardangervidda, så stemninga blir nok spesiell, seier Ida.
Med 350 søkarar og 200 plassar var Ida, saman med laget sitt beståande av Ida Hermans og Henri Palm, blant dei utvalde som får delta i Expedition Amundsen.
I særs tøffe, og til dels varierande vêrforhold, skal laget gå på ski med pulk frå Haukeliseter i Telemark til Maurset i Eidfjord.
Amundsen klarte det ikkje
Den same ruta blir ofte brukt som trening for polarekspedisjonar. Expedition Amundsen er oppkalla etter Roald Amundsen, som sjølv brukte denne strekninga for å førebu seg til turar i polare strok.
– Eg vil veldig gjerne kjenne på noko av det same Amundsen følte då han prøvde å krysse Hardangervidda, seier Ida.
Amundsen måtte avbryte og snu, då vêrforholda var for krevjande. Ida er klar over at turen blir av det harde slaget.
– Følelsen av smerte ved at ein går ned i kjellaren både fysisk og psykisk blir nok særs tung. Samtidig trur eg meistringsfølelsen ein får av å nå eit felles mål vil overgå dei verste opplevingane.
Eit hardt skirenn
Camilla Ianke har tre år på rad vore den første kvinna i mål i Expedition Amundsen. Ho meiner konkurransen gjer seg tent med ryktet om å vere eit av verdas hardaste skirenn.
– Konkurransen er særs krevjande på fleire ulike måtar, særleg mentalt og fysisk. Det kan ikkje samanliknast med noko vanleg skirenn. Du blir overlaten til deg sjølv, og vêret kan fort snu.
Ianke har konkurrert individuelt, men ser også klare fordelar for Ida som stiller med lag.
– Når ein blir mentalt utsliten, og ting går trått, vil eit lag alltid ha ein person som kan motivere og oppmuntre, seier Ianke.
Les også:
Konkurranse på naturens prinsipp
For Florø-jenta Ida er det viktig at ein kan kjenne på gleda ved å konkurrere i hardfør norsk natur.
– Det som trekkjer oss til Expedition Amundsen er moglegheita til å konkurrere på Hardangervidda og alle utfordringane som ventar. Utan drikkestasjonar eller opptrakka løyper, må vi takle alt som møter oss på eiga hand i vill natur.
Etter fleire månader med hard trening kjenner laget seg klar for både konkurranse og ei oppleving av dei få.
– At Expedition Amundsen er ein konkurranse på naturens prinsipp gjer det til den perfekte friluftsopplevinga, avsluttar Ida.