NRK Meny
Normal

Han er klar til hjortejakta startar i morgon - er du?

Bjarne Huseklepp er klar for å ta med seg børsa ut på jakt. Han har vore på skytebana og skote 30 obligatoriske skot. Og der var han ikkje åleine.

Bjarne Huseklepp

VIKTIG JOBB: Nestleiar fylkeslaget til Norges Jeger- og Fiskerforbund i Sogn og Fjordane, Bjarne Huseklepp, ser fram til årets hjortejakt.

Foto: Arne Nævra/Silje Guddal / NRK

– Du ser at det er eit skikkeleg trykk no på slutten med folk som vil bli klare, seier Huseklepp, som er nestleiar i fylkeslaget til Norges Jeger- og Fiskerforbund i Sogn og Fjordane.

1. september startar hjortejakta, og ho held fram til vesle julaftan. Ifølgje Norges Jeger- og Fiskerforbund er det venta at om lag 50.000 hjortejegarar skal felle om lag 35.000 hjort i løpet av hausten.

Og sjølv om jakt er moro, vil Huseklepp gjerne også fokusere på den oppgåva dei har føre seg.

– Vi skal ta ut ein del dyr. Samfunnet har bestemt kor stor stamme vi skal ha, og jegerane har oppgåva med å ta dyra ut. Då må vi gjere det på ein slik måte at det er trygt å gå i skogen, at vi feller dyra rett, og tek vare på kjøtet, seier han.

For det er ei stor oppgåve dei har føre seg på hjortejakt.

Tala i tabellen nedst i saka syner at medan jegerane i ein periode midt på 2000-talet skaut opp mot eller over 80 prosent av hjorten dei hadde løyve til, har det talet gått ned til under 70 prosent dei tre siste åra.

– Kvar jeger må ta eit oppgjer med seg sjølv

Huseklepp er ikkje utan vidare glad for det store trykket på skytebana like før jakta. Han vil at mange skal ta geværet langt tidlegare, for å verte fortrulege og få erfaring med våpenet.

– Visst du berre tek rifla ut av skapet og går rett ned på bana rett før jakta, er det nokon som vil kunne slite med å treffe der dei skal. For mange kan det vere ein krevjande situasjon.

– Men visst ein berre så vidt klarar prøvane: bør ein då gå ut i skogen å skyte?

– Nei, det er der kvar enkelt jeger må ta eit oppgjer med seg sjølv. Er eg godt nok trent? Kva tid er eg god nok til å skyte? Kor god er eg?

Difor anbefaler han at utrente og uerfarne jegerar ligg på bøen med god støtte, med dyra med breisida til, i staden for å vere i skogen med høg puls, dårleg støtte, og få sekund på å fyre av eit skot.

– Vi driv aktiv opplæring av jegerar, og skildrar den situasjonen. Det er langt meir krevjande å skyte eit dyr i skogen.

– Å skadeskyte er ei forferdeleg

Huseklepp er instruktør, driv opplæring og har ansvar for å kurse nye jegerar. Han har følgjande råd til dei som skal ut på jakt for fyrste gong.

– Syt for at du har moglegheit til å treffe når du skyt. Då vil du få ei god oppleving. Til jaktlaga vil eg oppmode om å ikkje leggje press på dei som er nye. Det å oppleve å skadeskyte ein hjort er ei forferdeleg oppleving. Ingen jegerar vil oppleve det. Med press og stress er sjansen for å oppleve det større.

12. og 14. september skal fylkeslaget i forbundet ha kurs på Breim, der dei skal lære opp nye jegerar.

– Det er viktig å ta vare på dei, for vi har så mykje hjort i Sogn og Fjordane at vi treng nye jegerar for å ta ut nok dyr. Då fokuserer vi på tryggleik under jakta og at vi skyt for at dyra skal døy, og døy med minst mogleg liding.

– Har vorte betre

Den erfarne jegeren meiner det har vorte meir fokus på trygg og human jakt, sokalla god jaktmoral. Tidlegare har det vore snakk om jeger og beger, altså mykje fest og moro under jakt.

– Der vil eg sei, og eg er rimeleg nøye på at ting skal vere skikkeleg, det har vorte skikkeleg bra.

I tillegg til obligatoriske prøveskot som tvingar jegerar til å trene, kom jegerprøven på 12 timar i 1986. No er prøven 30 timar med opplæring.

– Du får ein heilt anna bakgrunn når du skal ut på jakt, enn om du ikkje hadde hatt prøven.

Hjortejakt i Sogn og Fjordane

 

Fellingsløyve

Tal skotne hjort

Fellingsprosent

2004

 11 858

 8 707

 73

2005

 12 087

 8 964

 74

2006

 12 458

 9 313

 75

2007

 12 570

 10 548

 84

2008

 14 425

 11 280

 78

2009

 14 664

 11 601

 79

2010

 15 589

 11 771

 76

2011

 15 763

 10 802

 69

2012

 15 706

 10 127

 64

2013

 15 427

 10 459

 68

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote