Hopp til innhold

Marius er ein av 44.000 som har venta i spaning på årets høgdepunkt

Marius Flo (28) er ein av om lag 44.000 jegarar som frå no og fram til jul oppfyller draumen om å leggje ut på den etterlengta hjortejakta.

Marius Flo

SKAUT BUKK: Marius Flo med bukken han skaut denne veka i Nordfjord.

Foto: privat

– Det har gått bra. Vi har observert mykje dyr. Første dagen talde vi bortimot 14 dyr frå morgonen til vi gav oss om kvelden. Den dagen skaut vi to, dag to skaut vi ingenting og dag tre fekk vi eitt.

Stryningen Marius Flo fortel ivrig på mobiltelefon frå jaktbua i fjellet over Heggjabygda i Nordfjord.

Stor vekst dei siste åra

Då NRK ringer er han ivrig i gang med å partere bukken han sjølv har skote ein av dei første dagane i årets hjortejakt.

– Eg var nett i gong med å skjere ut bogen, så du traff godt med at du ringde no, fortel Flo og gliser.

Han er slett ikkje åleine om å gå rundt med eit lurt smil no om dagen. Frå år 2000 og fram til i dag har det vore ein voldsom vekst i tal jaktløyve på hjort i Norge. Frå 2078 dyr i 2000 til 46657 løyver i 2013.

I følgje Norges jeger- og fiskeforbund (NJFF) blei det felt 35 078 hjort i løpet av jakta høsten 2012 og vinteren 2013, ein liten nedgang frå året før. Men ein stor vekst historisk sett.

Hjortejakt

DREG KJØTET: Handemakt må til når viltet skal transporterast ned til slakteplassen.

Foto: Marius Flo / NRK

Starta i ung alder

For den ivrige hjortejegaren Marius handlar det både om spenninga ved sjølve jakta, men ikkje minst om den samkjensla han finn i jaktlaget heime i Nordfjord. Og det heile starta for mange år sidan.

– Det heile starta med at eg har ei søster som vart saman med ein kar i Heggjabygda. Han lurte på om eg ville vere med og sjå korleis dette var. Då var eg vel 14-15 år tenker eg. Så var eg med og jaga litt og vart meir og meir interessert. Til slutt tok eg jegerprøva sjølv, det var vel i 2008 eg byrja sjølv å gå med børse, fortel Marius.

Delar kjøtet seg imellom

Jaktlaget i Heggjabygda deler byttet mellom seg og gardane i bygda, slik det er så mange stader der hjortejakta er ein sentral del av aktiviteten på hausten.

– Det er seks gardar her som deler kjøtet seg imellom i løpet av jaktsesongen. I alle fall her på garden blir det ete opp etterkvart, fortel Marius.

Sogn og Fjordane er det største hjortefylket i Norge, og i 2012 blei det felt 10 127 dyr her. I dei to andre store hjortefylka, Møre og Romsdal og Hordaland, blei det skote høvesvis 8 951 og 7 935 hjort i 2012.

Tal skotne hjort

Tal hjorteløyver i Sogn og Fjordane. Utviklinga frå år 2000 til 2013.

Foto: hjorteregisteret

Ventar til 10. september

– Vi har nok ikkje kome heilt i gong enda, men 10. september er vi klare, fortel Lars Jonny Røysum til NRK.no.

Han er leiar for eit av dei såkalla storvalda i Sogn og Fjordane på Leikanger, og opplever at mange av dei erfarne jegrane ventar til det som lenge har vore datoen for startskotet for jakta.

– Jegrane er nok veldig bundne av tradisjonar, men vi er veldig klare til å leggje til fjells snart, fortel Røysum.

Samhaldet betyr mykje

Sjølv om statistikken syner at dei fleste som jaktar hjort er i 40-50 åra, kjem det stadig mange yngre med i statistikkane. 28-åringen Marius Flo har i alle fall ingen planar om å leggje børsa på hylla på mange, mange år.

– Det å vere ute i naturen og samhaldet i jaktlaget betyr også svært mykje for meg som jegar. For meg handlar det vel så mykje om å få vere saman med gode kameratar om denne aktiviteten, ikkje berre sjølve jakta, seier han.

Trass den historisk høge veksten, gjekk talet på skotne dyr ned i fjor. I Heggen jaktlag i Nordfjord set dei no fokus på å ta vare på den flotte hjortestamma i dalen. Den unge jegaren Marius Flo har i alle høve klare meiningar om kva som må gjerast.

– Ta ut skrapedyra, spare storbukkane med fem taggar og opp over, dette gjeld og voksne koller som er produksjonsdyktige og avlar fram kalvar, meiner Flo.

– Skyting av kalvar som framleis er kvitprikka og små kan ein og godt vente med ut i jakta til dei har vekse litt, ellers så ser eg ingen grunn til å skyte dei, berre for at ein har det på kvota, seier jegaren før han går tilbake til arbeidet med å hente ut kjøtet frå den nyskotne bukken.