Hopp til innhold

I helga femdoblar slike innbyggjartalet i Kinsedalen

I ei bittelita grend, omgitt av storslått vestlandsnatur og stoisk ro, føregår det noko heilt spesielt denne helga.

Yogarden i Kinsedalen

FRED OG RO: På kaien i Kinsedalen får leirdeltakarane drive yoga i fred og ro.

Foto: Katrin Moe Photo

– Veldig forfriskande. Ein får ro i sjela her, seier Kjersti Urne.

Berre ein svær kai og nokre gamle hustufter minner om eit hektisk gruvesamfunn med 400 arbeidarar i Kinsedalen. Her, på austsida av den grøne Lustrafjorden, har den moderne tida spurta frå grenda. Uansett kva mobiloperatør eller leverandør av mobilt breiband du har, dekninga er null, niks, nada.

Kjersti Urne

MANGE ÅR: Kjersti Urne har drive med yoga i mange år. På Yogarden har ho også med seg erfarne yogainstruktørar på laget.

Foto: Katrin Moe Photo

Men denne helga er folketalet på tre meir enn femdobla i den fredelege og einbølte bygda.

For andre året på rad arrangerer Urne og Gøran Johansen Yogarden. Grenda er perfekt for ei av dei mest populære treningsformene, yoga.

– Det er så roleg og fredeleg. Det er kjempegodt å vere her. Luster er verdas beste plass å vere. Så friskt og forfriskande. Når du hoppar i fjorden er det som om du er fødd på ny når du kjem opp att, smiler Urne.

Yogarden i Kinsedalen

YOGARDEN: Ein må ha firehjulsdrift på bilen, og god klaring til understellet, for å komme seg opp grusvegen til Yogarden over Lustrafjorden.

Foto: Katrin Moe Photo

Urne og Johansen møttest på arkitektskulen og har begge eit nært forhold til kommunen.

Ho med bestemor og ei rekkje barndomsminne frå Luster. Han med ein familiegard han ynskte å ta i bruk.

Yogarden i Kinsedalen

YOGA: Yoga er ikkje berre å tøye og bøye, men også å vere merksam på pust og balanse. Og ro finn ein definitivt på ein støl i fjellsidene over ein av Sognefjordens fjordarmar.

Foto: Katrin Moe Photo

Då begge også er glade i å arrangere ting, kom Yogarden i stand i fjor. Torsdag køyrde nye 14 deltakarar i land på Urnes, klare for ei yogahelg i den vakraste vestlandsnatur.

– Det er ein perfekt avtale, smiler Urne som har drive med yoga i mange år.

Yoga har siste åra falle noko i popularitet, men er framleis på lista over dei mest populære treningsformene . Det er eit omfattande og variert treningssystem både fysisk og psykisk.

På Yogarden får deltakarane tre yogaøkter dagleg. Dei får vegansk mat på bordet, sosialt samvær, konsert og utforsking av fjellområda.

Yogarden i Kinsedalen

STØLSYOGA: Fredfulle Kvekenstølen er ein av stadane deltakarane driv yoga.

Foto: Katrin Moe Photo

– Det er første gang eg er på yogaretreat og første gang eg er her. Eg har berre vore her eitt par dagar, men det er veldig idyllisk, seier Guro frå Bergen.

Ho let seg lokke av bileta frå fjorårets yogaleir.

– Det verka kjempegøy, så dette vil eg prøve, seier ho.

Då NRK vitja yogaleiren fredag, var det duka for yoga på kaien nede ved fjorden.

Yogarden i Kinsedalen

KAIEN: Frå kaien skimtar ein så vidt Solvorn i det fjerne. I finvêr er det ein flott stad å drive yoga – og bade.

Foto: Katrin Moe Photo

– Den siste økta var ganske hard, så vi vart sveitte alle saman og tok oss eit bad, gliser Guro.

Nokre av deltakarane søv i telt på garden. Andre har fått seng i huset. Yogaøktene med Martine Baade Sandal og Hildur Thoransen føregår i låven, på kaien eller på fredelege Kvekenstølen.

Nokre dagar heilt utan mobil og byens mas og jag passar henne heilt perfekt.

– Vi har vore kjempeheldige med vêret og hatt to fine yogaøkter i dag. Det flottaste med å vere her er nok yoga. Og det å vere på ferie, gliser ho.