NRK Meny
Normal

I harnisk etter å ha blitt bøtelagde for sniking

Fleire ferjereisande mellom Lavik og Oppedal reagerer på å bli bøtlagde for sniking, sjølv om dei har gjort fleire forsøk på å gjere opp for seg.

Ferjekø ved Oppdeal etter at det berre går ei ferje på sambandet Lavik-Oppedal.

BØTER SKAPER HARME: I helga har reisande mellom Lavik og Oppedal opplevd billettkontrollørar på ferjene. Fleire reagerer på det dei meiner er urettvise bøter.

Foto: Roy Raasholm Fauske

Til Firda i går fortalde ein oppgitt langtransportsjåfør Dag Gøran Olsen at han måtte betale bot, sjølv om han hadde forsøkt å finne billettøren, både i billettluka og i salongen.

Men han er ikkje åleine. Kristin Blaalid frå Raudeberg opplevde det same då ho skulle over fjorden fredag.

– Vi er vande med at billettørane kjem bort til bilruta og tek billettane der. Viss ikkje får du i alle fall betalt når du kjem inn i salongen. Denne gongen var det verken det eine eller det andre, seier ho.

Svir i lommeboka

Saman med dei andre i reisefølgjet vart ho sitjande å vente i salongen med ei svele og ein kaffikopp, utan å sjå snurten til ein einaste billettør. Til slutt gav dei opp og reiste seg for å leite etter billettluka, då ein frå kontrollør ifrå Securitas huka tak i dei.

– Han spurte om vi hadde løyst billett. Vi sa at vi heldt på å leite etter ein billettør, men han sa det var for seint. Vi byrja ikkje å krangle høglydt med dei, så det var berre å betale, seier ho.

Dermed må ho ut med eit par tusen kroner i bot, noko ho sjølv tykkjer er langt frå greitt.

– Det er nesten som eg mistenkjer at dei ville gje desse Securitas-folka noko å gjere på når dei først var om bord, seier ho.

Dei som vil kan klage

Det avviser Inge André Utåker, regionsjef i Norled, på det sterkaste.

Inge Utåker, Norled

SEND KLAGE: Inge André Utåker i Norled oppmodar dei som føler seg urettvist handsama om å sende inn klage.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Sjølvsagt har vi ikkje ønskje om at nokon skal bli tekne. Vi har gjennomført billettering slik vi brukar å gjere, men denne gongen har det vore ein securitas-kontroll i tillegg. Vi har ingen skjulte hensikter slik det blir insinuert her, seier han.

Han seier dei ikkje kan vil vurdere enkeltsaker gjennom media, men har ei oppfordring til dei som føler seg urettvist behandla.

– Det er eit personleg ansvar å sørge for at ein har billett. Om det i enkelttilfelle har blitt gjort ein glipp, så må dei sende ein klage til oss, seier Utåker.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast