Kaptein Steinar Johnsen førte ferja oppover frå verftet i Hardanger i natt, der den fekk sin dåp av næringsminister Monica Mæland i oktober i fjor.
I dag var den ute på sine første prøveturar på sambandet.
Ferja er enno ikkje i normal drift. Den skal først testast inn mot ladesystema i to-tre veker før den blir sett inn i rute.
- Les også:
- Les også:
Batteriferja har plass til 120 bilar og 340 passasjerar, og skal gå med 10–12 knops fart mellom Oppedal og Lavik. Overfartstida er på 20 minuttar, med ti minuttars oppladingstid.
Planen var at den skulle komme i trafikk før årsskiftet, men eigarselskapet Norled trengde meir tid på testing og tilpassing.
- Les også:
Norled overtok drifta av ferjesambandet Lavik-Oppedal frå årsskiftet etter at Fjord1, og tidlegare Fylkesbaatane, har hatt ansvaret sidan sambandet over fjorden vart opna i 1955, då mellom Lavik og Instefjord.
«Ampere» er den første heilt elektrisk drivne ferja i verda utan lokale utslepp. Reiarlaga meiner tida er inne for å satse teknologien, som potensielt kan spare Norge for store utslepp.