Hopp til innhold

Fekk berre sjå kona litt over to timar i veka – no trur dei på fleire slike stunder

FLORØ (NRK): Omsorgssenteret vil leggje til rette for at Magne Føleide (82) får sjå kona Hjørdis kvar dag – om ho er i form til det.

Magne Føleide ser i album saman med kona Hjørdis på Flora omsorgssenter
Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Vi har ei kjensle av å ha blitt høyrde. Den nye avtalen er langt betre enn den gamle. Eg er heilt sikker på at foreldra våre no skal få vere mykje meir saman, seier Eli Ånnøy Føleide.

Ho er dotter av ekteparet Føleide og er glad den fortvilande situasjonen ser ut til å ha blitt løyst. For etter å ha vore gift og ha budd i lag i 56 år, har livet blitt snudd på hovudet for foreldra: Hjørdis er dement og treng å bli skjerma – Magne er dårleg til beins.

Dei siste åra har ekteparet hatt rom i kvar sin etasje på Flora omsorgssenter, og det har ikkje vore lett å få til besøk. Ein samværsplan har lagt opp til at ekteparet skal sjå kvarandre tre gongar i veka, noko som svarar til berre to timar og eitt kvarter til saman.

Ordføraren involverte seg

Dei pårørande søkte difor kommunen om å få flytte Magne Føleide ned ein etasje, slik at det skulle bli lettare og mindre tidkrevjande for både tilsette og pårørande å hjelpe ekteparet med besøk. Men kommunen sa nei. Heller ikkje ein klage til fylkesmannen førte fram.

Då gjekk dei pårørande til media med historia si. Same dag var ordføraren på tråden. Han ville gjerne ha eit møte med partane. Ballen byrja å rulle.

– Vi vart godt møtt då vi gjekk til dette skrittet. Saman har vi hatt fokus på å finne løysingar innanfor dei rammene vi har, seier Eli Ånnøy Føleide.

Eli Ånnøy Føleide og Marianne Føleide framfor rådhuset i Florø

MØTTE ORDFØRAREN: Søstrene Eli Ånnøy Føleide (t.v.) og Marianne Føleide sat i eit lengre møte med ordførar Ola Teigen etter at dei stod fram med historia si i media. No har dei fått ein ny og mykje betre samværsplan for foreldra sine.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Håpar på flytting

Ekteparet har no fått ein ny samværsplan, der omsorgssenteret skal leggje til rette for daglege samvær så lenge helsetilstanden tillet det. Førebels får ikkje Magne Føleide flytte ned ein etasje, men dei pårørande har tru på at det kan bli mogleg å få til seinare.

– Institusjonen har ein kabal å ta omsyn til, og det har vi stor forståing for. Det er dessutan ikkje presserande her og no. Vi er nøgde med den avtalen vi har fått, seier Eli Ånnøy Føleide.

– Vi har hatt gode samtalar og fått avklart utfordringane. Som kommune og omsorgsteneste har vi alltid noko å lære. Slik ting må vi ta til etterretning og gjere betre, seier pleie- og omsorgssjef Ragnhild Holm.

Magne og Hjørdis Føleide seier hadet for dagen. Dotter Marianne køyrer rullestolen hans.

LANGT SAMLIV: Magne og Hjørdis Føleide har hatt eit langt og godt liv saman. Dei kan av helsemessige grunnar ikkje bu saman lenger, men no får dei sjå kvarandre meir enn dei tre gongane i veka institusjonen tidlegare la opp til.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Må tenkje annleis

For dei pårørande til ekteparet Føleide sat det langt inne å gå til media med historia si. No håpar dei at erfaringane deira kan komme andre til nytte.

– Vi har blitt kontakta av mange andre i liknande situasjonar, og eg trur dette er ein debatt som berre vil bli større i åra som kjem. Kanskje må ein tenkje litt annleis om ektepar som treng omsorg på éin og same institusjon. Det er nok ikkje siste gongen ein kommune er i ein slik situasjon, seier Eli Ånnøy Føleide.