Hopp til innhold

I dag kom Sea King-helikopteret sin vikar på plass

FLORØ (NRK): Frå i dag overtek CHC Helikopter Service redningstenesta med helikopter i Florø. Men legane som skal jobba om bord har vore skeptiske, etter Turøy-ulukka i fjor.

Bilder fra 330-skvadronen i Florø. CHC tek over ansvaret frå Luftforsvaret. Sea King blir erstatta med Super Puma dei neste tre åra, før eit enda nyare helikopter er på plass.

Slik ser det nye helikopteret ut.

– Midt i fasen der vi inngjekk dette samarbeidet skjedde ulukka på Turøy. Det var nok ein del legar då som vurderte om dei ville vera med vidare, men vi har tatt spørsmåla deira på alvor og no er alle med, seier avdelingssjef for akuttmedisin i Helse Førde, Robert Brennersted.

For etter årevis med helikoptertypen Sea King som redningshelikopter i Sogn og Fjordane vert dei no bytta ut. Før dei nye helikoptera kjem på plass skal helikoptertypen Super Puma vikariera i tre år og tre månader.

29. april i fjor omkom 13 personar då eit helikopter frå Nordsjøen krasja på Turøy i Hordaland. Det helikopteret var også av typen Super Puma.

Eldre modell

Men sjølv om helikopteret er av typen Super Puma, er det ikkje same modell som styrta på Turøy. Helikopteret er av ein eldre type, med ein annan hovudgirboks, enn det som var involvert i Turøy-ulykka.

Det har heller ikkje blitt omfatta av flyforbodet, som enkelte nyare modellar.

CHC helikopter inn for SeaKing

Pål Anders Hagen, avdelingsdirektør i Justisdepartementet.

Foto: Håvard Heggen / NRK

– Det er klart at den ulukka gjorde at vi måtte tenke oss grundig om, men dette er ein annan maskin som er godkjend for denne typen bruk og det gjorde vi ei god vurdering på, seier Pål Anders Hagen som er avdelingsdirektør i Justisdepartementet.

Helikopteret vil vera bemanna 24 timar i døgnet, sju dagar i veka, året rundt. Om bord vel det vera to flygarar, to teknikarar/heisoperatørar og ein redningsmann, i tillegg til ein lege frå Helse Førde.

Det har blitt mange treningstimar før helikopteret vert tatt i bruk.

Alvin Fyhn i CHC Helikopter Service.

NØGD: Redningsmann Alvin Fyhn i CHC Helikopter Service er glad over dei gode eigenskapane til det nye helikopteret.

Foto: Håvard Heggen / NRK

– Det å heise inn folk i fjellet og ulendt terreng har vi trena mykje på, og det å lande på vegar i samband med trafikkulukker, seier redningsmann Alvin Fyhn i CHC Helikopter Service.

Helikopteret flyr raskare enn Sea King. I tillegg har det ein 90-meter langt tau til å heise skadde om bord, søkelys og varmesøkjande kamera.

– Det er også avising i rotoren som gjer at vi kan fly gjennom tåke som ligg rett over bakken. Det kunne ikkje Sea King-helikopteret, seier Fyhn.

​Sea King-helikopteret har blitt brukt som redningshelikopter i Norge sidan 1973 og sidan 2009 har eitt av dei vore stasjonert ved flyplassen i Florø.