«Eg har sakna dei så lenge og tenkt kvar dag på kvar dei kunne vere»

FORTUN (NRK): Pål Ragnar og Janne har sidan i haust brukt scooter, fly og gått milevis på ski på leiting etter dei seks sauene dei har sakna sidan i haust. I går kunne dei ta med lammet Guri og dei andre dyra heim til Lom.

STOR GLEDE: Janne og Pål Ragnar Paulsen kunne i dag reise til Fortun i Sogn og ta med sauene heim til Lom.

Sist laurdag fann Steinar Mørkrid heilt tilfeldig seks sauer i Guridalen på vestsida av Sognefjellet. Med hjelp av øyremerkinga klarte han å spore opp eigarane, Pål Ragnar og Janne Paulsen.

Då visste han ikkje at ekteparet frå Lom hadde brukt mange timar og mange tusen kroner på å leite etter dei bortkomne dyra.

Torsdag tok dei den sju timar lange køyreturen frå Ottadalen til Indre Sogn for å hente heim dyra dei har sakna så sterkt.

– Det var heilt utruleg. Eg har sakna dei så lenge og tenkt kvar dag på kvar dei kunne vere, så fekk vi telefonen på laurdag. Det var heilt fantastisk, fortel Janne Paulsen til NRK.

Dyra hadde gått på beite rundt Sognefjellshytta, men var sporlaust vekke då sankelaget kom i fjor haust for å hente dei heim til Lom.

Overraska av snøen

I staden hadde dei vandra vestover på høgfjellet, og Pål Ragnar trur dei kan ha blitt overraska over den første nysnøen.

– Eg trur det har kome eit skikkeleg snøkast, så har dei halde fram nedover dalen til dei kom til Guridalen i Sogn. Der har dei funne saltstein og klart seg med busker, kratt og bark.

Det eine søyelammet i flokken skal no sjølvsagt heite Guri, oppkalla etter dalen der dei blei funne.

– Det var om å gjere å få dei ned, vi veit jo aldri korleis det kan bli i høgfjellet. Det kunne kome enda meir snø, då hadde ikkje desse klart seg, seier Mørkrid.

Han fann sauene då han sjekka gjetarhytta si på fjellet og han er glad for at han i dag kunne levere frå seg sauene til bøndene frå Lom. Ekteparet Paulsen var lukkelege over at dyra hadde klart seg gjennom ein iskald haust og vinter.

– Økonomi er ikkje viktig

At det har kosta både tid og ikkje minst pengar å leite etter dyra, er ikkje viktig i dag.

– Eg har ikkje tenkt på økonomi i det heile tatt, her var det berre å få heim att sauene og få dei i hus. Eg vil ha dei heim, det er koseleg. Vi kan ha glede av dette i fleire år framover, seier Pål Ragnar.

Kona Janne er tydeleg på at her er dyrevelferda viktigare enn pengane dei har lagt ut for å leite.

– Dette er dyra våre, for oss har det vore frykteleg viktig å vite kvar dei er.

Pål Ragnar og Janne Paulsen får heim sauene sine

GLADE GURI: Søyelammet Guri og dei andre sauene har feita seg opp på garden til Steinar Mørkrid sidan laurdag. No er dei vel heime i Lom.

Foto: Steinar Lote / NRK
Pål Ragnar og Janne Paulsen får heim sauene sine

LEITA LENGE: Janne og Pål Ragnar Paulsen reiste i dag rundt halve Sør-Noreg for å kome til Fortun. Om sommaren kunne dei køyrd over Sognefjellet, men den vegen er stengd for vinteren.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK
Laster kart, vennligst vent...

HØGFJELL: Dei seks dyra blei funne sist laurdag langt oppe i Guridalen heilt inst i Sogn.