Hopp til innhold

Her bergar dei sauene ned frå høgfjellet

800 meter over havet i Guridalen i Luster har dei seks sauene halde seg i live gjennom vinteren. Søndag vart dei berga ned att med snøscooter.

Berga ned fem sauer frå høgfjellet i Luster

MAT: Gjennom vinteren har sauane levd på busker og kratt. Laurdag og søndag fekk dei høy som også vart nytta for å få tak i sauane.

Foto: ANDRE WALAKER MØRKRID

– Det var veldig spesielt. Eg har no vore på sauesanking i februar. Det er det ikkje mange andre som har fått oppleva, seier Steinar Mørkrid.

Laurdag ettermiddag var han og sonen på veg til hytta deira som ligg i Guridalen i Luster. Då oppdaga dei ferske sauespor i snøen og etter å ha sett litt betre etter fann dei seks sauar.

Leita med helikopter

Sauene tilhøyrer Pål Ragnar Paulsen frå Lom, som sette sauene sine på fjellbeite i sommar. Då det var tid for sauesanking i haust var det nokre av sauene dei ikkje klarte å finna.

– Vi var ute fleire gonger og brukte mange dagsverk. Eg leigde også fly for å fly over området vi trudde dei skulle vera, men heller ikkje det gav resultat. Likevel hadde eg eit håp om at dei skulle vera i live, seier Paulsen.

Og det var dei. På om lag 800 meters høgde ligg det eit gamalt og forfalle bygg som sauene har søkt ly i. Og sidan snøen ligg tjukt har dei levd på busker og trær. Men i går fekk dei eit etterlengta måltid.

– Eg skvatt då vi såg spora etter dei. Straks vi fann dei reiste vi heim att og henta høy som vi tok med opp til dei i går kveld, seier Mørkrid.

Berga ned fem sauer frå høgfjellet i Luster

REDNINGSAKSJON: Totalt seks snøscooterar og hjelp frå Luster Røde Kors vart nytta for å få sauene ned att frå fjellet.

Foto: Andre Walaker Mørkrid

Tilbake i fjøsen

Søndag morgon reiste Mørkrid, saman med blant anna Røde Kors, tilbake til sauene med snøscooter for å henta dei med seg ned att.

Akkurat no står dei seks sauene i fjøsen til Steinar Mørkrid i Fortun. Der skal dei stå til torsdag. Då kjem Pål Ragnar Paulsen for å henta dei heim att til Lom.

– Det har vore mykje prat om desse sauene som har vore sakna så eg er evig takknemleg til dei som fann dei og berga dei ned. Turen for å henta dei er på 25 mil, men det er ingen avstand å prata om når ein kan henta heim sauene sine, seier Paulsen.

Berga ned fem sauer frå høgfjellet i Luster

PÅ PLASS: Etter fleire månadar åleine i fjellet er sauene no på plass i fjøsen til Steinar Mørkrid i Fortun.

Foto: Steinar Mørkrid
Sauer berga ned