NRK Meny
Normal

Bøndene vil både blokkere og konfrontere

Bønder frå Sogn og Fjordane har reist til nabofylket for å stogge utkøyring av matvarer til butikkar og institusjonar. Her i fylket skal bøndene seinare i dag konfrontere statsråden.

Ole Ivar Sognnes på bøndne sin blokkade av Asko i Bergen

HAR REIST LANGT: – Fleire har reist langt for å vere med på dette, fortel nestleiar i Sogn og Fjordane bondelag som fredag morgon er med på aksjonen utanfor Asko sitt laget i Bergen.

Foto: Ole-Andre Lagmandokk

– I Sogn og Fjordane har vi ikkje grossistanlegg, så difor er vi her nede, seier nestleiar i Sogn og Fjordane bondelag, Ole-Ivar Sognnes.

Tidleg fredag morgon er han saman med rundt 20 andre bønder frå fylket utanfor Asko sitt laget i Bergen. Det er eit av 26 lager som bøndene fysisk sperrar av for å markere si misnøye med jordbruksforhandlingane.

– Vi ønskjer å synleggjere at norsk mat ikkje er ei sjølvfølgje. Det er ein kostnad og ein jobb å drive den produksjonen som mange norske bønder driv for å produsere norsk mat.

Klokka 09 opplyste Norges Bondelag at aksjonen mot matvarelagaera er over.

Vil konfrontere ministeren

Anders Felde

KONFRONTASJON: Fylkesleiar Anders Felde i bondelaget vil stogge landbruksministeren på veg til den offisielle opninga av Ciderhuset Économusée – Handverkarar i arbeid, i Balestrand.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Sogn og Fjordane Bondelag aksjonerer i dag mot Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) når han kjem til Balestrand.

Dale deltek etter planen på fredagens offisielle opning av visingssenteret Ciderhuset Économusée.

– Vi ynskjer å stogge han på veg inn til opninga, slik at vi får han i tale, seier fylkesleiar i bondelaget, Anders Felde.

– Sogn og Fjordane Bondelag strekar under at ein med aksjonen ikkje ønskjer å råke Ciderhuset, skriv bondelaget i ei pressemelding.

Jon Georg Dale

SINNE: Får bøndene som dei vil, blir det ikkje berre berre for Landbruks- og matminister Jon Georg Dale å kome seg til Ciderhuset i Balestrand.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Tredje året på rad

Bøndene braut tysdag jordbruksforhandlingane med staten. Torsdag starta aksjonane med kolonnar og banner langs vegane.

Plakat langs E39 ved Flaten i Jølster.

PLAKATAR: Fleire stader langs vegane har bøndene hengt opp plakatar. Som her ved Flaten i Jølster.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Fredag følgjer bønder fleire stader opp aksjonane med å stogge utkøyring av matvarer til butikkar og institusjonar.

Overraska minister

Ministeren uttala tysdag at han var overraska over at jordbruksorganisasjonane avviste ein avtale som ville gjeve bøndene ei betre inntektsauke enn andre grupper.

Det skil ein milliard kroner mellom statens tilbod og bøndene sine krav.

– Staten sitt tilbod med ei ramme på 410 millionar kroner legg til rette for ein inntektsauke i jordbruket på 2,25 prosent frå 2017 til 2018. Det gir til dømes inntektsmoglegheiter på kring 569.000 kroner for eit gardsbruk med 15 kyr, sa Dale.

– Politisk spel

Bøndene aksjonerer med traktorkolonne på E39 i Gloppen

KORTESJE: Bøndene køyrde torsdag i kortesje frå Breim til Sandane.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Bøndene likar ikkje at Regjeringa vil måle inntektsutviklinga i prosent, og ikkje i kroner.

– Då blir landbruket taparane i høve andre grupper. Det finn vi oss ikkje i, dersom vi skal halde fram å produsere maten til det norske folk, sa Felde torsdag.

Frp sin stortingskandidat, Britt Dalsbotten, meiner bøndene har eit urealistisk krav til staten og skuldar dei for å drive eit politisk spel.

– Dette er ei politisk spel, og ikkje ei reell misnøye. I forhandlingane var staten villige til å strekke seg langt, seier Dalsbotten.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.