NRK Meny
Normal

Køyrde med traktorar i kolonne på E39

GLOPPEN (NRK): Med traktorar dekorerte med kamprop på plakatar køyrde bøndene i Gloppen i føremiddag i kolonne langs E39. – Vi er skuffa og fortvilte over det staten har tilbydd oss, seier bonde Geir Thomas Myklebust.

Geir Thomas Myklebust på bøndene sin aksjon på Sandane

SINT: Geir Thomas Myklebust var ein av mange bønder som tok til gatene i Gloppen i dag.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Bøndene som har samla seg på Sandane i Gloppen er tydeleg provoserte over staten etter årets jordbruksforhandlingar. I dag starta bønder landet rundt med aksjonar for å vise si misnøye.

Langs E39 køyrde bøndene i kolonne for å få politikarane og folket si merksemd.

– Vi prøvde i år å ta tre traktorar og køyrde ut på kvar busslomme for å sleppe bilar forbi. Slik prøvde vi å skape minst mogleg frustrasjon og irritasjon for bilistane, seier Myklebust.

– Men de er også med på aksjonar som kan råke vanlege folk?

– Det er nødvendigvis slik at når ein har aksjonar, så vil ein tredje part bli råka, vedgår Myklebust.

Bøndene aksjonerer med traktorkolonne på E39 i Gloppen

KOLONNE: Bøndene har torsdag føremiddag køyrt i traktorkolonne mellom Breim og Sandane i Gloppen kommune.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Forbrukarane er våre allierte

Bondelagsleiar i Sogn og Fjordane, Anders Felde, var også med på aksjonen i heimkommunen Gloppen torsdag. Han er tydeleg på at dei prøvar å lage minst mogleg heft for folk flest.

Anders Felde

MODERAT KRAV: Bondelagsleiar i Sogn og Fjordane, Anders Felde, meiner kravet frå bøndene var moderat nok. – Vi jobbar no knallhardt inn mot dei politiske partia, seier han samtidig som han lovar aksjonar.

Foto: Bård Siem / NRK

– Forbrukarane er våre viktigaste allierte, så det kjem ikkje til å gå veldig hardt utover folk flest, sa Felde til NRK.no tidleg torsdag morgon.

– Regjeringa ønskjer at inntektsutviklinga vår skal målast i prosent og ikkje i kroner. Då blir landbruket taparane i høve andre grupper. Det finn vi oss ikkje i, dersom vi skal halde fram å produsere maten til det norske folk.

Tysdag ettermiddag vart det brot i forhandlingane mellom staten og Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norges Bondelag.

Når 17. mai no er over er bøndene klare for aksjonar.

– Vi rustar sjølvsagt til kamp. Vi skal vise kvifor vi ikkje greidde å bli samde med staten, seier bondelagsleiaren i landbruksfylket Sogn og Fjordane.

Bønder har hengt opp plakat ved Sunde i Førde

KAMPKLARE: Bøndene har hengt opp plakatar langs E39. Denne heng ved Sunde i Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Skuffa og irriterte

Bonde Arild Herstad i Naustdal er blant dei som ikkje er overraska over brotet i forhandlingane. Like før jordbruksforhandlingane starta, kom stortingsfleirtalet med ei landbruksmelding der det vart signalisert at ein ønskte å tette inntektsgapet mellom bøndene og andre samfunnsgrupper.

Arild Herstad

SET BYGGING PÅ VENT: Bonde Arild Herstad i Naustdal har sett bygginga av lausdriftsfjøs på vent etter brotet i jordbruksforhandlingane. – Tilbodet var skuffande.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Eg synest tilbodet var dårleg rett og slett. Ut frå det Stortinget sa om at dei skulle tette inntektsgapet, så hadde eg venta meir.

– Korleis er stemninga blant bøndene?

– Eg trur bøndene er skuffa og irriterte. Eg forventar at Stortinget seier litt om korleis dei vil inntektsutviklinga skal vere.

– Er du klar for å aksjonere?

– Det må vi vere om vi meiner noko med det. Så eg er klar.

Bønder bur seg til traktorkolonne på E39 i Gloppen

FRUSTRERTE: Med plakatar på lesseapparatet skal bøndene vise seg fram på E39 i Gloppen torsdag føremiddag.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Har strekt seg langt

Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) meiner regjeringa har strekt seg langt for å få til ein avtale.

Bøndene aksjonerte etter brotet i jordbruksforhandlingane, biletet er frå Sandane 18. mai 17

PLAKATAR: Det er tydeleg kven bøndene vil skal høyre deira protestaksjonar. Desse plakatane var hengde opp på ein av traktorane som var i traktorkolonnen på E39 gjennom Gloppen torsdag føremiddag.

Foto: Håvard Heggen / NRK

– Det er ikkje det faktum at vi ikkje ønskjer å gje inntektsvekst til bøndene som er grunnen til brotet. Men ei ansvarleg norsk regjering kan ikkje gå vekk frå moderasjonslinja i ei vanskeleg tid.

Traktorkolonne på E39

Anders Felde seier det i Sogn og Fjordane blir aksjonar fleire stader torsdag. Klokka 10 går ei traktorkolonne på E39 frå Breim i Gloppen i retning Sandane. I Stryn er det planar om ei stor markering, medan bøndene rundt Førde samlast klokka 15.

– Det skjer mykje i løpet av dagen. I dei fleste tilfella vil vi samarbeide greitt med publikum, så det skal ikkje bli store problem eller heft i trafikken i løpet av dagen.

Tidlegare har bøndene blant anna stengd vegar og «kidnappa» ordførar.

I morgon blir det ein større landsomfattande aksjon, men den vil ikkje Felde røpe noko om no.

– Har erfaringane med aksjonar vist at det hjelper på noko måte?

– Det spesielle i år er at ein har vedteke ei stortingsmelding som seier at ein vil tette inntektsgapet, men så leverer ikkje regjeringa. Difor har vi store håp om at dette faktisk skal bli overprøvd i Stortinget.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå