Hopp til innhold

I dag får han sin første eliteseriekamp på Lerkendal

Per-Magnus Steiring vart rekna som eit stort talent, men slo aldri igjennom for Rosenborg. Når han i dag spelar sin første eliteseriekamp på Lerkendal, er det som Sogndal-spelar.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Sandefjord.

TILBAKE: – Rosenborg er jo Norges beste lag, så det er vanskeleg å spele seg inn der. For meg var det viktig å spele kampar, og då var sjansane størst i Sogndal. Så får ein heller ta steget vidare når den tid kjem, seier Per-Magnus Steiring.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

– Det blir jo veldig artig å få spele på Lerkendal, og så blir det nok god stemning med mykje folk på tribunen, seier midtstopparen frå Fauske.

Laster innhold, vennligst vent..

Per-Magnus Steiring var Rosenborg-spelar i tre sesongar. I fjor spelte han på utlån i Viking. Før sesongen kom han til Sogndal for å få speletid i eliteserien. I dag møter han gamleklubben for første gang.

Eit Rosenborg-lag Sogndal aldri har slått på Lerkendal.

– Det blir jo knalltøft. Men får sikkert nokre moglegheiter. Dei blir ikkje for mange, men vi må ta dei. Så må vi vere gode defensive, seier 20-åringen.

– Men kvar ligg Sogndal sine sjansar til å ta Rosenborg?

– Vi må ta kontringsmoglegheitene og dødballane som kjem. Det handlar om å utnytte sjansane når dei dukkar opp.

Sogndal har gått tre kampar på rad utan tap etter nederlaget for Brann. Rosenborg har på si side ikkje vore like suverene som ein kanskje skulle venta. Etter førre helg overtok raudtrøyene frå Bergen tabelltoppen.

– Vi er sjølvsagt veldig spente. Det blir ei tøff oppgåve, men eg tenkjer nok at folk gler seg meir enn noko anna. Vi har trua på både eitt og tre poeng, avsluttar Steiring.

Laster innhold, vennligst vent..