Hopp til innhold

No barkar dei saman til direktesendt debatt

FØRDE (NRK): I ettermiddag mellom klokka 15 og 16 møtes fylkesordførarkandidatane til direktesendt radiodebatt på NRK Sogn og Fjordane.

Listetoppane i Sogn og Fjordane

KLARE TIL DEBATT: F.v. Gunhild Berge Stang (V), Frank Willy Djuvik (FrP), Trude Brosvik (KrF), Jakob Andre Sandal (SV), Åshild Kjelsnes (Ap), Noralv Distad (H) og Jenny Følling (Sp)

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Vallogo

Med tema som fylkeskommunal økonomi og flyktningkrisa, skal debattleiar Erlend Blaalid Oldeide lose lyttarane gjennom ein time med avsluttande debatt.

– Det er mange viktige spørsmål i årets valkamp, og i dag møtest alle dei som har ein draum om å bli ordførar i fylket vårt. Ikkje minst Jenny Følling og Åshild Kjelsnes som kjem til å knive mot kvarandre om denne posisjonen, seier Oldeide.

Debatten kan du høyre direkte på P1 Sogn og Fjordane, eller på nettradio. Etter debatten vil vi også leggje ut eit opptak på nettsidene våre.

Desse skal debattere på direkten i ettermiddag:

Har du synspunkt på det som kjem fram i debatten? Legg dei ut på sosiale medium og merk innlegga dine med #nrksf og #nrkvalg!

Miljøpartiet Dei Grøne, Raudt, Kystpartiet og Dei Kristne stiller også til val på fylkestinget, men dei deltek ikkje i debatten i ettermiddag.