Hopp til innhold

Hurtigbåt Flåm-Gudvangen frå måndag

Statens Vegvesen set opp hurtigbåt mellom Gudvangen og Flåm frå måndag 19 august. Båten skal ha fire turar kvar veg dagleg, medan Gudvangatunnelen er stengd.

Tidecruise

SET OPP HURTIGBÅT: Tidecruise skal gå mellom Gudvangen og Flåm

Foto: Norled

Nils Magne Slinde, Statens vegvesen region Vest

SET OPP HURTIGBÅT: Nils Magne Slinde, avdelingsdirektør i Statnes vegvesen, Sogn og Fjordane

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er eit reint transport produkt retta mot passasjerar på turistbussar som elles hadde nytt den stengde Gudvangadunnelen på E16. Det seier Nils Magne Slinde, som er avdelingsdirektør forStatens Vegvesen i Sogn og Fjordane.

Hurtigbåtruta vert dreven av Norled AS, som set inn ein hurtigbåt med kapasitet på 147 passasjerar.

Ruta vert eit reint transportprodukt utan servering og guiding. Betaling og billettering skjer om bord i båten.

Takstane er 80 kroner for vaksne og 40 kroner for barn, som er i samsvar med riksregulativet for ferjer på tilsvarande strekning.