Dei siste dagane er det meldt om store utfordringar for næringslivet i indre delar av Sogn og Fjordane og Hordaland. Stenginga av Gudvangatunnelen etter tunnelbrannen 5. august, har fått turistnæring og transportaktørar til å slå alarm.
TUNNELBRANN: Gudvangatunnelen på E16 har vore stengd sidan eit vogntog tok til å brenna inne i tunnelen 5. august.
Foto: NRK-tipsar
HÅPAR PÅ EFFEKT: Sigrid Brattabø Handegard frå Senterpartiet.
– Statens vegvesen har hatt ein tett dialog med kommunane for å bøta på dei problema som næringslivet slit med, seier Brattabø Handegard.
LES ÒG: Krev hjelp til næringslivet
LES ÒG: NHO varslar erstatningskrav
Hurtigbåt og kolonnekøyring
– Frå måndag vert det sett inn ein hurtigbåt mellom Flåm og Gudvangen. I tillegg skal det i løpet av ei veke vert opna for kolonnekøyring for tyngre køyretøy gjennom Gudvangatunnelen.
Planen er å opna for kolonnekøyring igjennom den stengte tunnelen fredag 23. august. Det vil verta kolonnekøyring natt og dag. Statens vegvesen vil komma med nærmare informasjon om tidspunkt og omfang.
– Det er ein del reinsking inne i tunnelen som gjer at dette ikkje let seg gjera før fredag om ei veke, seier den politiske rådgjevaren frå Senterpartiet.
Håpar på opning i september
Håpet er no at Gudvangatunnelen skal opna igjen i starten av september. Vegvesenet jobbar med eit mål om å vera ferdige med det naudsynte arbeidet innan 6. september.
Både næringsliv og representantar frå den politiske opposisjonen har retta kritikk mot regjeringa fordi dei meiner det er gjort for lite. Sigrid Brattabø Handegard seier det har vore komplisert å komma fram til tiltak som vil hjelpa.
– Me har måtta bruka litt tid på å komma fram til løysingar som har effekt, og me håpar at dette skal hjelpa på den vanskelege situasjonen næringslivet i området har opplevd, seier Brattabø Handegard.