Hopp til innhold

Hundrevis av villrein sporlaust forsvunne

Når ein skulle telje opp villreinbestanden mellom Lærdal og Årdal i vinter, fekk ein seg ei stor overrasking. Det mangla nemleg mellom 150 og 200 dyr.

Reinsdyr på vidda

REINSDYR: Hjortedyret lever i dei nordlegaste landområda på jorda, men siste tida har store delar av stammen i Lærdal og Årdal forsvunne.

Foto: Arne A. Tønset / Scanpix

Sidan midten av 90-talet har det vore eit løpande prosjekt for å byggje ein god villreinbestand i Lærdal-Årdal. Prosjektet var på god veg og bestanden var stor nok til at ein kunne drive med jakt. Til hausten ser ikkje jaktutsiktene like gode ut.

Rein Arne Golf i Statens Naturoppsyn er forundra over forsvinninga. Han har vore med å telje opp dyra i vinter.

Me har vore oppe med fly, samstundes som me har vore på bakken, og me er no rimeleg sikre på at det manglar mellom 150–200 dyr.

Det var under jakta i fjor, at det kom inn uromeldingar om få villrein i området. Det vart derfor lagt inn ein ekstra innsats i år, for å få oversikt over villreinen i området.

Oppteljinga var urovekkande, og viste raude tal.

Rein Arne Golf

LEITA HØGT OG LÅGT: Rein Arne Golf i Statens Naturoppsyn.

Foto: Dag Harald Kvammen Anderssen / NRK

Fleire moglege årsaker

Tidlegare leiar i villreinutvalet for Lærdal-Årdal, Ole Bjarne Hovland, kjenner godt til saka om den forsvunne reinen. Han tykkjer det er trasig at så mange dyr er forsvunnen.

– Målet er å ha ein bestand på 400 dyr, så det er klart det er ein knekk når så mange reinsdyr forsvinn, seier Hovland.

Han seier at det kan vere mange ulike årsaker til dei låge tala, men at rett og slett utvandring må ta skulda.

Leiar i Naddvik beitelag, Ole Bjarne Hovland

SKUFFA: Ole Bjarne Hovland tykkjer det er trist at så mange dyr har blitt borte.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Det kan godt vere dei har vandra inn i Jotunheimen og funne nye og betre beite, og da kjem dei mest sannsynleg ikkje tilbake, seier Hovland.

Sjukdom og dårleg kalving blir også trekt fram som årsaker, men alt blir berre spekulasjonar og teoriar, for kvar dyra er verten av, er det akkurat no, ingen som veit.

– Blir ikkje jakt til hausten

Norge har eit viktig ansvar i å verne om villreinen. Men ein liten villreinbestand i Lærdal-Årdal får også direkte følger for jaktsesongen.

Sidan jakta er noko me har gåande for å halde bestanden på eit sunt nivå, blir det ikkje jakt no til hausten når bestanden no er så låg.

Å byggje opp igjen villreinbestanden til der dei var trur Hovland vil ta nokre år.