NRK Meny
Normal

Hovland skreiv langtidskontrakt

Midtstoppartalentet Even Hovland valde vekk millionløn i Russland for å spele i Europa med Molde.

Even Hovland

TIL MOLDE: Even Hovland si fotballframtid er klar etter at han byter Sogndal-drakta med den blå Molde-drakta. Bilete er frå eit oppgjer mellom dei to klubbane i fjor.

Foto: Rune Fossum / NRK

Det er klart fredag ettermiddag etter at overgangen vart stadfesta under ein pressekonferanse i Molde.

Vaimingen har signert ei treårskontrakt. Overgangssummen er ikkje kjend, men det blir spekulert i ein sum på åtte millionar kroner.

– Eg har den glede å meddele at vi endeleg har klart å signere Even Hovland, sa Solskjær under innleiinga.

– Koeman-fot

Molde er også samde med Sogndal om detaljane i overgangen. Hovland reiste til Molde torsdag kveld, og sat fredag i forhandlingar med klubben saman med agent Jim Solbakken. Også den medisinske testen er gjennomført.

Hovland møtte Solskjær første gong i Manchester United i 2009, der Hovland var på prøvespel. MFK-manageren la til at Hovland var ein av spelarane han ynskte seg då han tok over på Røkke-løkka.

Solskjær skildra Hovland som ein av landets mest spennande spelarar.

– Han er ein av dei mest spennande spelarane i Norge, moderne midtstoppar med fart, styrke, som er god i lufta og har ein god pasningsfot. Typen Ruud Krol, Ronald Koeman-fot. Det blir ein meget meget god tilvekst for klubben, sa Solskjær.

Russarar lokka med åtte millionar

Romsdals Budstikke skriv at Hovland etter forhandlingane åt lunsj saman med blant andre Ole Gunnar Solskjær og Tarje Nordstrand Jacobsen på Aker stadion.

Tidlegare har det vore kjent at Sogndal skal ha fått bod på Hovland også frå den russiske toppklubben Anzhi - som også lokka midtstopparen med ei årsløn på åtte millionar kroner.

Hovland vedgjekk at personen Solskjær var av betydning for kvifor han valde Molde.

– Det hadde litt betydning at han kom attende og drog i gang att Molde, sa Hovland om valet av Molde som framtidig arbeidsgjevar. Midtstopparen sa at spel i Russland aldri var noko alternativ.

Pressekonferanse i ettermiddag

– Karriera er viktigare enn pengane, la Hovland til.

Solskjær har stor tru på at Hovland vil få sjansen til å spele for større europeiske klubbar i framtida.

– Og då har vi gjort jobben vår. Eg er sikker på at han kjem til å utvikle seg vidare her i Molde, seier han.

Forsvarar tittel

Den tidlegare Manchester United-profilen meiner Molde har god sjanse til å forsvare fjorårets seriemeisterskap med Hovland på laget.

– Eg er godt nøgd og er klar for å gjere ein god innsats for drakta, sa Hovland.

Hovland seier han måtte ta eit steg vidare og følte at det steget var Molde. Valet ville han ta før han tysdag reiser på landslagssamling i Bangkok.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.