Det stadfestar styreleiar i Sogndal Fotball, Tor Arne Ness.
– Even har vist god utvikling i Sogndal og tida er inne for at han tek eit steg vidare. Vi har nokre interesserte klubbar og håpar på ei avklaring før Even reiser på landslagssamling tysdag, seier han til NRK.no.
– Set Even i fokus
Frå fleire hald vert det opplyst at det står mellom fjorårets norske seriemeister Molde og klubben til den russiske mangemilliardæren Suleyman Kerimov, Anzhi Makhatsjkala.
– Even må reise ein stad der han ynskjer å vere, seier Ness. Styreleiaren vedgår at dette betyr at Hovland sjølv får avgjere kvar han spelar fotball – så lenge bodet er innan Sogndal sine råmer.
I media har det versert spekulasjonar om eit bod på åtte millionar kroner frå Molde, og eit bod på 18 millionar kroner frå Russland.
- LES OGSÅ:
– No set vi Even i fokus. Vi ynskjer å gje han moglegheit til å gå eit steg vidare, seier han.
Reiste til Molde
Ness vil ikkje kommentere noko overgangssum. Han er på ferie og er ikkje kjend med at det har kome skriftlege bod på Even Hovland.
Torsdag kveld reiste 22-åringen og agent Jim Solbakken til Rosenes by for å møte sportsleg leiar Tarje Nordstrand Jacobsen og manager Ole Gunnar Solskjær. Fleire media reknar med at vaimingen allereie fredag blir Molde-spelar.
- LES OGSÅ:
– Han er i Molde for å sjå på forholda. Eg håpar han nyttar tida til tysdag på å vurdere alternativ, seier Ness.
Kan tene rått
Ifølgje TV2 vil tre år i Russland kunne bety 25 millionar kroner netto – pluss bonus – for Hovland. Det er langt over det Molde vil kunne tilby.
Med 13 poeng opp til serieleiar Zenit er Anzhi førebels på 7. plass av 16 lag i den russiske ligaen.
- LES OGSÅ:
Klubben, der brasilianske Roberto Carlos er mellom trenarane, gjorde Samuel Eto'o til verdas best betalte fotballspelar. Hovland har tidlegare uttala til NRK at russisk fotball
.– For meg handlar det om å gjere det rett reint karrieremessig, seier 22-åringen til TV2.