Hopp til innhold

Hos desse elevane står tysken sterkast

STRYN/OSLO (NRK): Fleirtalet av ungdomsskuleelevar i Sogn og Fjordane vel tysk som framandspråk, medan éin av fire i Oslo gjer det same.

Stryn ungdomsskule

LITT LIKT: Ein del tyske og norske ord blir skrive ganske likt, fortel Marthe Gjøvåg Heggestad. Ho går i tiandeklasse på Stryn ungdomsskule. I Sogn og Fjordane har nesten to av tre ungdomsskuleelevar tysk som framandspråk. Joanna Øvre-Flo (bak) har spansk.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Tysk høyrest litt likt ut som norsk. Nokre av orda blir skrive ganske likt. Foreldra mine hadde også tysk, så då kan dei hjelpe meg, fortel Marthe Gjøvåg Heggestad.

Ho går i 10. klasse ved Stryn ungdomsskule og har lært tysk i snart tre år.

Heggestad er slett ikkje aleine om å føretrekkje tysk i heimfylket Sogn og Fjordane. I 2018 var tysk valt av nær 64 prosent av ungdomsskuleelevane med framandspråk i Sogn og Fjordane.

Til samanlikning gjorde berre vel 27 prosent av Oslo-elevane med framandspråk det same.

Men uansett kan ikkje tyskfaget hamle opp med nykomlingen spansk. Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at heile 46 prosent av ungdomsskuleelevar i Noreg som har framandspråk, hadde spansk i 2018.

37,5 prosent av ungdomsskuleelevane med framandspråk hadde tysk, og 16 prosent fransk.

Den store spanskbølgja

– Spansk er det største faget i skulen, men det har ikkje alltid vore slik. Vi hadde nesten ikkje spansk i skulen før 2006, då kom innføringa av Kunnskapsløftet, fortel Åsta Haukås, professor i framandspråksdidaktikk og tysk ved Universitetet i Bergen.

– Då fekk vi «den store spanskbølgja», der elevar over heile landet skulle lære seg spansk. Då gjekk det på kostnad av det å lære tysk og fransk.

At spansken blei rekna som ny og spennande, og at mange reiste på ferie til spansktalande land, trur professoren har drege tala oppover.

Fride Dagsdottir i 10. klasse ved Fagerborg skole i Oslo er ein av dei mange som har valt spansk. Valet var litt tilfeldig, men ho er fornøgd.

– Eg synest alltid det har vore eit vakkert, flytande og fint språk å høyre, og det er mange som snakkar det, seier Dagsdottir.

Friede Bera Dagsdottir

VALDE SPANSK: – Eg synest alltid det har vore eit vakkert, flytande og fint språk å høyre, og det er mange som snakkar det, seier Friede Bera Dagsdottir som går i 10. klasse ved Fagerborg skole i Oslo.

Foto: Christopher Isachsen Sandøy / NRK

Ho vil halde på spansken også når ho går ut av ungdomsskulen.

– I alle fall etter tiande har det blitt morosamt å lære det, det er eit fint språk

Litt oppgang

Før den store spanskbølgja feia inn over landet frå 2006, var tysk det klart største språkfaget. Men etter ein nedgang peiker pilene no litt oppover igjen.

– Det er greitt å lære, liknar meir på norsk og ikkje alle plassar kan tilby alle språk, seier Haukås.

At Sogn og Fjordane har høgast prosentdel tyskelevar og Oslo lågast, er det fleire grunnar til, meiner Haukås.

– Ein viktig grunn er at i Oslo har elevane mogelegheit til å velje fleire framandspråk fordi skulane er store. I Sogn og Fjordane er det mange skular som ikkje kan ta seg råd til å ha alle språkfaga, seier ho.

Stryn ungdomsskule

SPANSK OG TYSK: Karoline Flo og Joanna Øvre-Flo har spansk som framandspråk, til liks med fleirtalet av ungdomsskuleelevane i Noreg. Marthe Gjøvåg Heggestad og Ingunn Bergset har valt tysk, som fleirtalet i Sogn og Fjordane.

Foto: Benedikte Grov / NRK

At Sogn og Fjordane har mange tyskspråklege turistar, trur Haukås gjer at ein del ser det som eit nyttig språk å kunne.

Fransk taper terreng

Sidan 2011 har talet spanskelevar i ungdomsskulen auka med 2,4 prosentpoeng, tysken med nesten like mykje – 2,3 prosentpoeng. Blant dei tre språkfaga er det fransken som taper mest terreng, sidan 2011 har 4,6 prosent færre valt dette faget.

– Det er ganske trist. At elevar tek spansk går mest på kostnad av fransk, seier Haukås.

Men storleik er ikkje alt. Fransken har dei mest motiverte elevane og høgt kompetente lærarar, ifølgje Haukås. Storebror spansk har derimot størst tal elevar som sluttar i løpet av ungdomsskulen.