Hopp til innhold

Ho er uroa over barnevernskutt, no må ministeren svare for innsparingane

Kjersti Toppe frå Senterpartiet er uroa over nedskjeringane som er planlagde i Bufetat region Vest. No krev ho svar frå barne- og familieminister, Solveig Horne, om ho går god for kutta.

Kjersti Toppe

KREV SVAR: Senterpartipolitikar og nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Kjersti Toppe ber Barne- og familieminister Solveig Horne svare på om kutta i det statelege barnevernet er forsvarlege.

Foto: Vågenes, Hallgeir / VG

– Eg er veldig uroa, og syns kutta verkar store og dei skjer på kort tid. Eg er uroa for at det går ut over dei som treng hjelp, nemleg borna, seier Toppe.

Ho er første nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget. I dag har ho sendt brev til Barne-, likestillings- og familieminister, Solveig Horne. Bakgrunnen er dei store planlagde kutta Bufetat region Vest står over for. 300 millionar kroner skal kuttast i løpet av to år, og opptil 200 årsverk må også vekk.

Har mange spørsmål til ministeren

– Eg vil spørje ho om ho forsvarar desse kutta. Om ho kan garantere at det ikkje går ut over ungane det gjeld. Og kva ho vil gjere for å hindre at ein tapar barnefaglegkompetanse i region Vest, fortel Toppe.

Regiondirektør i Region Vest, Øystein Søvik, sa til NRK tidlegare, at trass i kutta vil det ikkje bli eit dårlegare tilbod.

– Eg trur det er fullt mogleg å behalde kvaliteten. Det har skjedd ei generell kvalitetsutvikling i barnevernet over mange år. Dels fordi dei tilsette har høgare kunnskap, dels på grunn av stadig betre metodar. Vi får til meir for mindre ressursar, sa han.

Vil ha ny gjennomgang av saka

Men Toppe meiner det vanskeleg let seg gjere.

– Kvaliteten i kvart enkelt tilbod kan bli teken i vare, men alle skjønar at om det er mange som ikkje får hjelp, så er den totale kvaliteten mykje dårlegare. Det er vi opptekne av, og det må ministeren også vere oppteken av, seier helsepolitikaren.

Søvik har også forklart at region Vest gjennom fleire år har brukt meir pengar enn dei andre regionane, og at dei har brukt meir pengar enn budsjettert. Toppe meiner ein må gå ei runde til før noko blir endeleg bestemt.

Solveig Horne (Frp)

MINISTER: Solveig Horne, Barne-, familie- og likestillingsminister, må svare på om kutta til Bufetat i region Vest er forsvarlege.

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

– Klart alle har sitt budsjett, men dette er eit sårt område, så ein kan ikkje kutte drastisk her som i ei verksemd. Det er snakk om ein svak part, ungar som må få den hjelpa dei har behov for. Her må ein gå varsamt fram. Det kan vere at region Vest har det mest riktige nivået av tenester, slik at kutta i grunn ikkje er kloke, seier ho.

Har tru på at ministeren vil snu

Ho har tru på at det vil la seg gjere for ministeren å gjere om på kuttforslaga som er komne.

– Ho har snudd i saker før når vi har teke det opp med ho. Så eg ynskjer ho kan gå inn i denne saka også.

Horne har tidlegare i sommar mellombels stogga nedlegginga av barne- og familiesenteret i Sogn og Fjordane, som er det einaste tilbodet til vanskelegstilte gravide og familiar med små born i fylket.

Det er ikkje første gong i år at det stormar kring det statlege barnevernet. 13 kommunar i Sogn og Fjordane har til no sagt opp avtalen med Bufetat, på grunn av dårleg samarbeidsklima og kommunikasjon. Også det gjev grunn til uro, meiner Toppe.

– Eg vil be ministeren om å kommentere akkurat det. Det er forståelege at kommunane seier opp avtalen når det er så usikkert med dei store kutta som kjem. Men, det er veldig alvorleg at kommunane snur ryggen til Bufetat, for ein er heilt avhengige av eit fagleg samarbeid. Eg er veldig uroa over det, for det er barnefagleg kompetanse som forsvinn frå eit heilt fylke.

Barne-, familie- og likestillingsminister Solveig Horne, må svare på spørsmåla innan ei veke.