Hopp til innhold

«Born og familiar vert skadelidande»

Vestlandet risikerer å få eit betydeleg dårlegare barnevern enn elles i landet om Bufetat kuttar 300 millionar, meiner Irmelin Sangolt Tjelflaat.

Barnevern

KUTT: Bufetat kuttar 300 millionar, og fleire har sagt opp sit

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Fleire har sagt opp stillingane sine i Bufetat på grunn av omstillingane organisasjonen er inne i.

Tjelflaat er tillitsvalt for Fellesorganisasjonen i Bufetat region Vest. Ho meiner det er umogleg å kutte hundrevis av millionar i barnevernet utan å råke dei svakaste.

– Konsekvensen er at born og familiar vert skadelidande. Vi er uroa for at det vil gjelde spesielt i region vest, fordi kravet om innsparing er så høgt. Eg kan ikkje forstå korleis det er betre å drive eit betre barnevern med mykje mindre pengar, seier ho.

Store kutt gir hovudverk

Sangolt

UROA: Irmelin Sangolt Tjelflaat, tillitsvalt for Fagorganisasjonen FO i Bufetat Region Vest, fryktar nedskjeringar vil ramma dei svakaste i barnevernet.

Foto: Privat

På to år skal Bufetat kutte 300 millionar kroner, og opptil 200 årsverk må vekk. Med sparekniven hengande over seg, må det statlege barnevernet i region vest kutte i alle tilboda sine.

Samstundes skal kvaliteten på tilbodet til born som treng hjelp vere like god som før. Tjelflaat meiner det reknestykket ikkje går opp.

– Det gir hovudverk. Det virkar umogleg. Å drive etter kvalitetssikra modellar, samstundes som vi skal gjere dei endå betre og utvikle oss, blir stansa av at vi skal spare alle desse kronene.

Prosessen med kutta starta i 2013 og vil halde fram neste år. Berre i Rogaland blir arbeidsplassane til 50 medlemmer av Fellesorganisasjonen lagde ned, skriv nettavisa Fontene.

Avviser at kutt gir dårlegare tilbod

Øistein Søvik

LIKE GOD: Regiondirektøren i Bufetat, Øistein Søvik, seier tilbodet vil endre seg, men at kvaliteten vil vere like god som i dag.

Foto: Privat

Regiondirektør i Bufetat region Vest, Øistein Søvik, seier dei ikkje har noko anna val enn å kutte i budsjetta for å kome i balanse. Han seier region vest på ein del område har eit dyrare og meir omfattande tenestetilbod enn resten av landet.

– Vi har brukt meir pengar enn budsjettrammene i mange år. Vi kan ikkje fortsetje å bruke meir pengar enn vi får. Dette skal vi greie, samstundes som vi skal tilby gode tenester. Vi prøver berre å verte meir lik dei andre regionane, og ingen kan seie at dei har eit dårlegare barnevern, seier Søvik.

Regiondirektøren vedgår at tilbodet vil endre seg, men hevdar kvaliteten vil vere like god som den er i dag.

– Eg trur det er fullt mogleg å behalde kvaliteten. Det har skjedd ei generell kvalitetsutvikling i barnevernet over mange år. Dels fordi dei tilsette har høgare kunnskap, dels på grunn av stadig betre metodar. Vi får til meir for mindre ressursar.

Kommunane gir opp samarbeidet med Bufetat

I Sogn og Fjordane har KS oppmoda kommunane om å skrinlegge samarbeidet med Bufetat. Manglande kommunikasjon og dårleg samarbeidsklima er årsaka. Til no har 13 kommunar sagt opp samarbeidet, og truleg vil fleire kome etter.

Grunnen er manglande informasjon om kva tilbod Bufetat kan tilby kommunane i framtida, seier fylkesleiar i KS, Jenny Følling.

– Kommunane er uroa for å få overført oppgåver over natta som dei ikkje er rigga for å ta. Eg tykkjer det er grunn til uro når tilsette byrjar å seie opp, for då misser ein kompetanse. Det kan jo hende at kommunane har behov for nokre av desse i barnevernet.

Utan eit samarbeid med Bufetat, står kommunane att med sitt eige kommunale barnevern. Det meiner Tjelflaat er uheldig.

– Om dei ligg til statleg barnevern eller kommunalt barnevern er ikkje viktig for borna. Det som er viktig er at spesialkompetansen dei tilsette i Bufetat kan tilby vert brukt. Dersom kommunane fekk betre tid på seg, kunne dei sikkert inngå eit samarbeid med Bufetat om bruk av kompetansen, seier Tjelflaat.

Redd for at fleire born vert skilde frå foreldra

Innsparingane i Bufetat kan føre til fleire omsorgsovertakingar, meiner advokat Louis Anda. Han har vore advokat i ei rekkje omsorgssaker over mange år, og fryktar konsekvensane av så store innsparingar.

Louis Anda

OMSORGSOVERTAKING: Advokat Louis Anda er redd for at mindre ressursar til barnevernet er lik fleire born som vert skilde frå foreldra.

Foto: Øyvind Torvund / NRK

– Ei av dei viktigaste oppgåvene til Bufetat og barnevernet elles er å førebyggje, støtte, og gje hjelpetiltak og rettleiing til familiar og foreldre som har problem og som ikkje har den tilstrekkelege omsorgskompetansen som trengst for å ta vare på eit barn, seier Anda og held fram.

– Ein reduksjon av ressursane vil føre til at foreldre ikkje får den rettleiinga og oppfølginga dei treng. Eg trur konsekvensen blir fleire omsorgsovertakingar. Det er tragisk, og det ønsker ingen av oss.

Han er ikkje samd med regiondirektøren i Bufetat, som trur dei kan halde kvaliteten på tilbodet med mindre ressursar.

– Det har sjølvsagt noko å seie korleis ein bruker midlane, for all del. Men mindre løyvingar, mindre tildeling av tid, mindre tildeling av personell, mindre ressursar til å sende foreldre på kurs, rettleiing og mødrehjem, vil etter mitt syn heilt klart få betydning for kvaliteten, seier Anda.