Av:
Kjellrun Lavik
Hovudutval for undervisning gjekk fredag inn for at elevane på Holmedal skule må flyttast til Askvoll skule. I løpet av 2005 skal Askvoll kommune spare 1,6 millionar kroner i skulesektoren. Nedleggingsforslaget er identisk med tilrådinga frå formannskapet. Også to gonger tidlegare har kommunestyret handsama forslag om nedlegging av skulen.