- Eg kan ikkje love noko tidspunkt, men tunnelen kjem, sa Løvik.
- Høgre har lova før
Men Høgre har kome med lovnader om skipstunnelen tidlegare også. - Ved forrige val hadde Høgre ei annonse der det stod at ei stemme til Høgre var ei stemme til skipstunnelen, og i dag er vi ikkje komne eit steg vidare. Det seier dagleg leiar i Stad Skipstunnel og fyrstekandidat for Framstegspartiet, Åge Starheim.
- Siste sjansen for tunnelen
Han er ikkje like optimistisk for framtida til prosjektet. Starheim seier komande stortingsperiode er siste sjanse for tunnelen, som er kostnadsrekna til 750 millionar. Starheim meiner at det er Høgre og regjeringa som har ansvaret om det ikkje blir nokon skipstunnel.
Løvik har tru
Men Petter Løvik trur altså at prosjektet er så godt at det blir realisert.