Sjå resultatet i BT-målinga
Åge Starheim, Frp. Arkivfoto NRK
Dei raudgrøne og FrP tek dei fire direktemandata, ifølgje målinga som Norsk Respons A/S har utført for BT. Kvar utjamningsmandatet vil ende er umogeleg å spå, men Reidar Sandal(Ap), Liv Signe Navarsete(Sp), Åge Starheim(FrP) og Heidi Grande Røys(SV) går mot plass på tinget viss meiningsmålinga slår til.
FrP har ramla før
Framstegspartiet får heile 17,5 prosent oppslutnad. Det er fram 2,5 prosentpoeng i høve til målinga i juni og 7,5 prosentpoeng betre enn under valet i 2001.
Men partiet har tradisjon for gode målingar før vala i Sogn og Fjordane. Like sterk er tradisjonen for heller dårlege valresultat, målt opp mot det partiet oppnår på landsplan.
Dårleg for regjeringspartia
Både KrF og Høgre ligg an til å ryke ut av Stortinget. Ikkje minst for KrF og Per Steinar Osmundnes er det ein svært lang veg fram til ein stortingsplass. Oppslutnaden i 2001 var på 16,3 prosent. Målinga gir dei 7,5 prosent, og det er det dårlegaste så langt i år.
Venstre og Gunvald Ludvigsen er med 4,6 prosent ikkje langt unna valresultatet for fire år sidan, men så lenge partiet er under sperregrensa på landsplan så ligg det heller an til noko utjamningsmandat her.
Den einaste av regjeringskameratane som så langt er i nærleiken av eit mandat er Høgre og Mathias Råheim med 10,1 prosent.
Ap under 30 prosent
Arbeidarpartiet får 26,8 prosent oppslutnad. 23. juni i år var dei så vidt over 30 prosent. Framleis ligg dei godt framfor resultatet for fire år sidan, og det er verdt å merke seg at dei ikkje er langt unna å ta to mandat frå fylket.
På målinga er det SV som har sistemandatet med 13 prosent oppslutnad. Der har partiet lege på alle dei tre målingane som er utførte for Bergens Tidende i år.
Sp langt unna to
Arbeidarpartiet sin 2. kandidat Ingrid Heggø erta på seg Senterpartiet sin 2. kandidat Erling Sande i førre veke. Då sa ho at Ap var det einaste partiet som kunne ta to mandat her i fylket.
Målinga gir henne rett så langt. Senterpartiet får ein oppslutnad på 19,1 prosent. Altså åtte prosentpoeng lægre oppslutnad enn Arbeidarpartiet. Erling Sande kan førebels sjå langt etter plassen.
-Valkampen har ikkje slått inn
- Resultatet i målinga er ei vidareføring av den som kom før ferien, og viser at resultatet av valkampen enno ikkje har byrja å verke inn, seier valekspert Knut Henning Grepstad.
Han seier at 30 prosent av veljarane enno ikkje har bestemt seg for kva dei skal røyste. Også Grepstad viser til at FrP tidlegare har vore svært høgt på mange målingar utan at det har slått til i val.