Hopp til innhold

Sogndal: Ho veit kven som bør slå seg saman

SOGNDAL (NRK): – Vi må seie ja til framtida, seier den yngste (25) fylkestingsrepresentanten til kommunesamanslåing.

Senea Sabanovic

SEIER JA: Fylkestingets yngste representant, Senea Sabanovic, var ikkje i tvil om kva ho skulle røyste.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg stemte ja til kommunesamanslåing. Fordi eg meiner vi må seie ja til framtida. Vi veit ikkje korleis framtida vil sjå ut, og derfor er det viktig at vi tar handa på rattet og gjer nokre grep.

Det seier Senea Sabanovic (25) som er den yngste fylkestingsrepresentanten, og frå Arbeidarpartiet.

Sogndal har fleire alternativ for avrøystinga til kommunesamanslåing. Det er frykta at det kan bli for mange alternativ, og dermed gjere oppslutninga mindre enn 30 prosent.

Følg resultata frå kommunesamanslåinga i Sogn

Vil ha ein storkommune

Den unge fylkestingsrepresentanten er tydeleg på kva ho ønskjer for samanslåing for heimkommunen.

– Eg har stemt på Sogndal, Balestand, Luster og Leikanger. Det er det mest naturlege, i og med at vi har eit felles bu- og arbeidsområde.

Men Luster seier dei ikkje vil?

– Det forstår eg. Men eg håpar vi kan snakkast etter folkeavrøystinga og ser kva resultatet blir.

Hennar eige parti er splitta i synet på kommunesamanslåing i dei ulike kommunane. Det viser at partiet står sterkt, meiner Sabanovic.

– Eg synest vi har vore veldig tydlege og klar på kva vi har meint heile vegen. Det må vere rom for ulike meiningar, og det er lenge sidan vi har hatt ein slik reform. Då meiner eg det er på tide at vi ser på kartet att.

Valdeltakinga blir avgjerande

Det er knytt stor spenning til valdeltakinga, så har det vore eit jamt sig inn og ut av vallokalet i Sogndal.

– Eg synest det er veldig gledeleg å sjå. Eg trur det kan bli eit godt frammøte. Eg trur engasjementet har auka dei siste dagane. Det er bra.

Ho meiner valdeltakinga bør vere høg på kommunesamanslåinga.

– Eg håpar på ei deltaking på 30 prosent.

– Det er ikkje så veldig høgt?

– Det er ikkje det. Men det har ikkje vore så stort engasjement som vi har håpa på, og då tenkjer eg at 30 prosent må vere bra.