Hopp til innhold

Ho blir skulda for egoisme i milliardkrangel

Det er full krangel mellom stortingspolitikarar frå Hordaland og Sogn og Fjordane fordi Sogn og Fjordane vil behalde kraftmilliardar for seg sjølv i nye Vestland fylke.

Liv Signe Navarsete, Spørretimen.

EGOISME: Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) frå Sogn meiner skuldingane om egoisme er tullete. – Dei greier ikkje å få meg til å halde stilt. Eg vil kjempe for at Sogn og Fjordane skal få sin rettmessige del av kaka, seier ho.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Her ønskjer ein meir til seg sjølv. Det går ikkje an å sjå dette på anna måte enn egoisme, seier stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp) frå Hordaland. Han meiner det er veldig spesielt av Sogn og Fjordane å ville halde tilbake eigne midlar i samband med samanslåing av fylka.

Helge Andre Njåstad

PROVOSERT: Det høyrer ingen stad heime at eit av fylka skal få setje av milliardsummar til seg sjølv i samband med ei samanslåing av fylka, seier Helge André Njåstad (Frp) frå Hordaland.

Foto: Johan Moen / NRK

Bakgrunnen for Njåstad sin reaksjon er at stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) uttalte følgjande sist veke:

– Kraftmilliardane er opparbeidd over lang tid og er evigvarande ressursar i Sogn og Fjordane. Det blir heilt feil om Hordaland skal ta store delar av desse verdiane ut av fylket, sa Navarsete.

Bakgrunnen for Navarsete sitt syn botnar i avtalen som er inngått mellom dei to fylka, der det står at kraftmidlane skal bli brukt i Sogn og Fjordane. Heile det politiske miljøet i Sogn og Fjordane støttar Navarsete sitt syn på saka.

Kranglar om fleire milliardar kroner

Kjernen i krangelen mellom dei to fylka er kor mykje av kraftinntektene Sogn og Fjordane skal få lov å halde for seg sjølv etter at dei to fylka har gått saman til Vestland fylke frå 1. januar 2020.

Hordaland meiner at 1,5 milliardar er eit absolutt tak på kor mykje naboen skal få ha i særeige. Sogn og Fjordane meiner at dette talet handlar om såkalla «bokførte verdiar», noko som truleg vil vere ein mykje større sum.

Fryktar det ikkje blir semje

Fylkespolitikarar frå dei to fylka har krangla lenge om saka, men no kastar også stortingspolitikarane seg inn i den gloheite debatten. Ove Trellevik (H) frå Hordaland er provosert over utspelet til Navarsete.

– Utspelet frå Navarsete kan setje heile forhandlinga i spel. Det er svært uheldig, seier han.

– Kvifor det?

– Utspelet kan låse frontane og bidra til at partane ikkje greier å kome til semje. Då må det heile avgjerast gjennom avrøysting i Fellesnemnda mellom dei to fylka. Der har Hordaland fleirtalet, åtvarar Trellevik.

Ove Trellevik

SINT: Liv Signe Navarsete prøvar å torpedere forhandlingane mellom Hordaland og Sogn og Fjordane, seier stortingsrepresentant Ove Trellevik (H) frå Hordaland.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

– Tull

Navarsete slår hardt tilbake mot kritikken.

– Det er tullete å hevde at Senterpartiet er egoistisk og at vi bidreg til å øydeleggje forhandlingane. Det bør vere sjølvsagt for alle at dei store verdiane som Sogn og Fjordane har skapt gjennom alle år må få kome innbyggjarane i vårt eige fylket til gode, seier ho.

Navarsete påpeikar at saka vil vere ein prøvestein på kor rommeleg Hordaland kjem til å bli i samarbeidet med Sogn og Fjordane.

Dersom ikkje Hordaland og Sogn og Fjordane greier å bli samde om korleis dei skal fordele kraftinntektene, kan det ende med at saka må avgjerast av kommunalministeren.

– Eg håpar partane greier å kome til semje, men om nødvendig må eg løyse saka, sa kommunalminister Monica Mæland (H) til NRK i juni.

Monica Mæland

KAN AVGJERE: Det kan ende med at kommunalminister Monica Mæland (H) må avgjere milliardkrangelen mellom Hordaland og Sogn og Fjordane.

Foto: Rune N. Andreassen / NRK