Hopp til innhold

Hit men ikkje lenger – slik skal reingjetar Knut stogge skrantesjuka

LÆRDAL (NRK): Styresmaktene har sett inn vakthald på to aust-vest vegar for å halde den frykta skrantesjuka i sjakk. Reingjetar Knut Maristuen skal hindre villreinen å passere gulstripa på riksveg 52.

Knut Horvath Maristuen

SISTE SKANSE: Villreinen skal ikkje kome i kontakt med tamreinen, og omvendt. Reingjetar Knut Maristuen skal sørge for at riksveg 52 blir ein barriere for den dødelege dyresjukdomen Skrantesjuke.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Vi ser etter spor og rein. Så er det om å gjere å sjå frå ulike vinklar slik at vi får litt overlapping. Vi klarer ikkje å sjå i alle krinkelkrokar, men vi får eit godt overblikk. Er det mange dyr, har dei ikkje sjanse til å kome seg mot vegen utan at vi får auga på dei.

Knut Horvath Maristuen

REINGJETAR: Knut Horvath Maristuen.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Hyra inn

Reingjetar Knut Horvath Maristuen køyrer langs riksveg 52. Av og til stoggar han for å speide mot fjelltoppane rundt med kikkert. Det er villrein han ser etter. Saman med tre andre reingjetarar er han hyra inn til å passe på at villreinen på vestsida av riksveg 52 Hemsedalsfjellet ikkje passerer over til austsida.

Austsida har i mange år vore tamreinområde. Vestsida er for villreinen. No skal desse to reintypane aldri møte kvarandre.

Kvar dag patruljerer dei riksvegen. Skrantesjuka er svært smittsam, og har potensial i seg til å utrydde alt hjortevilt i Norge, dersom hjernesjukdomen får spreidd seg.

Føre var

Det er nemleg i den nordlege delen av Nordfjella, i dette området mellom riksveg 52 Lærdal-Hemsedal og fylkesveg 50 Aurland-Hol, at alle funn av skrantesjuke er funne på rein til no. Og for å vere føre var, har miljøstyresmaktene sett inn vakthald på desse to vegane.


Maristuen er medeigar i Filefjell reinlag, som driv tamreindrifta i området, og plar passe på at eigne dyr ikkje går motsett veg sommarstid.

Knut Horvath Maristuen

BIL: Det kan bli mange turar att og fram over Hemsedalsfjellet for Knut Maristuen og dei andre reingjetarane.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Eigentleg burde vi bruke snøscooter til å jage dyra. Men foreløpig har vi ikkje fått løyve av grunneigarane, så då må vi rykke ut til fots eller på ski.

– Klarar du å jage ein heil villreinflokk åleine?

– Jo, det går, eit lite stykke i alle fall. Det spørst kor lette dyra er å ha med å gjere. Mange spring som oftast tilbake dit dei kom frå, men nokre er blitt vand til å gå på feil stader, seier Maristuen, som berre har bil og kikkert å hjelpe seg med.

Travelt til våren

Vedtaket om vakthald vart gjort i Miljødirektoratet før jul. Til no har ingen villrein prøvd seg. Men i november var ein flokk komen på feil side, fortel Maristuen.

– Ein av reingjetarane oppdaga det tilfeldig og vi fekk jaga dei over på rett side. Men elles har det vore roleg.

Medan NRK var med på gjetinga måndag, såg Maristuen berre spor etter to reinsflokkar. Ingen av dei hadde retning mot riksvegen. Maristuen reknar med at det blir travlare til våren når det er sesong for villreinen å trekke seg endå meir austover.

Knut Horvath Maristuen skal passe på at reinen heldt seg på rett side av riksvegen over Hemsedalsfjellet.

Sjå saka frå Vestlandsrevyen og Dagsrevyen.