Hopp til innhold

Hestetun er tilbake etter eit år prega av kreften

Etter å ha vore ute med kreftsjukdom i nesten heile år, er fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun (Ap) endeleg tilbake i full jobb.

Anne Gine Hestetun

TILBAKE FOR FULLT: Anne Gine Hestetun er tilbake i jobben som fylkesordførar i Hordaland, etter å ha vore kreftsjuk.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Det er utruleg godt å kome tilbake no, eg gler meg som ein unge til å ta fatt på jobben att, seier Hestetun.

Hestetun har hatt kreft i fleire år, og før jul vart ho operert. Ifrå byrjinga av februar i år søkte ho permisjon frå jobben som fylkesordførar.

Årdølen har ein lang politisk karriere bak seg, og har mellom anna vore byråd i Bergen. I tida der ho har vore sjukemeldt har det skjedd store ting på fylkestinget. Hordaland og Sogn og Fjordane har bestemt seg for å slå seg saman til eitt fylke.

Den første dagen tilbake på jobb for Hestetun blir ei fellesmarkering med dei to fylkestinga i Gulen i morgon.

– Det blir ein høgtidsdag, og ein spennande dag, seier Hestetun.

Les også: Trassar kreften, gjer comeback som toppolitikar.

Anne Gine Hestetun

GLER SEG: Anne Gine Hestetun gler seg over å vere tilbake som fylkesordførar.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Har vore tøft

Hestetun føler at ho no er tilbake med full kraft, og er klar til å ta fatt på alle oppgåvene som står i kø når dei to fylka skal slå seg saman. Det var ikkje gitt at ho skulle kunne kome tilbake så fort.

– Eg har hatt ein ganske komplisert operasjon av ein hjernesvulst, og eg har og fått ein del komplikasjonar i ettertid. Det har gått utover gangen min, synet mitt og ein del andre ting, seier fylkesordføraren.

Kor frisk er du no, då?

– Eg har hatt ein veldig positiv framgang. Eg er ein av dei som må leve med ein usikkerheit, men eg er mykje friskare enn eg var på denne tida i fjor.

Likar namnet «Vestlandet»

Noko av det som skal skje i Gulen i morgon, er at fylkespolitikarane skal bestemme seg for kva namn det nye fylket skal ha. Sjølv om ho har vore sjukemeldt, har fylkesordføraren fått med seg at debatten om namn har vekt kjensler.

I går kunne vi lese at både naboane i nord og språkrådet er negative til planane om å kalle storfylket for «Vestlandet».

– Vi bur jo på Vestlandet, så det kan ikkje vere noko overrasking at det er eit sentralt namn. Eg tykkjer det er eit godt namn, seier Hestetun.

– På høg tid

Hestetun har vore ein av dei store pådrivarane for å få til ei samanslåing mellom heimfylket hennar, og fylket der ho no er fylkesordførar. Fellesmarkeringa i morgon gler ho seg til.

– Det er på høg tid at vi får dette til, seier Hestetun.