Hopp til innhold

Heile bygda følgjer denne med argusauge

Kva skjuler seg under denne store snøhaugen? Jo, heider og ære om du klarar tippe rett om kor tid den forsvinn.

Snøhaug ved Jostedalen Industrier som bygda tippar kor tid vil forsvinne

TIPPEKONKURRANSE: Etter to snøfattige vintrar, er det i år duka for tippekonkurransen i Jostedalen igjen. Snøhaugen framfor Jostedal Industrier har vakse seg stor etter brøytinga i vinter. No er spørsmålet kor tid siste rest blir vekke.

Foto: Jostein Aasen

– Sidan det er så innmari vêravhengig, kan jo Gud og kvar mann tippe. Og det er ikkje godt å seie kven som vinn, flirer tilflyttar Erik Enitch i Jostedalen i Luster.

I den snørike dalen i Indre Sogn vågar ikkje innbyggjarane å tippe kor tid krokusen blomstrar. Her er dei van med snø til langt ut på våren, ja, faktisk til og med ut på sommaren.

Og etter ein ekstra snørik vinter, kunne ikkje Enitch dy seg. I år må bygdefolket igjen dra fram si beste vurderingsevne. Tippekonkurransen står om kven som kjem nærast datoen då heile snøhaugen er vekk.

– 30, 31, 32, tel Enitch opp på den lokale Facebook-sida. – Ja, nær 35 personar er det som har tippa hittil. Fristen for tippinga har eg sett til Kristi Himmelfartsdag. Det passar bra, sidan mykje av haugen blir til damp og går til himmels, humrar Enitch.

Låg til sankthans i 2015

Marit Aakre Tennø

SPENT: - Eg er veldig spent på kor tid snøhaugen forsvinn i år, seier Marit Aakre Tennø.

Foto: Noregs Mållag

Den store snøhaugen er velkjent for folk i Jostedalen, der den ligg framfor Jostedalen Industrier. Frå kontorvindauget sitt ser Marit Aakre Tennø rett på den. I 2015 var det ho som drog i gong tippekonkurransen om kor tid snøhaugen ville forsvinne.

– Den gong var det to som tippa rett. Då forsvann den siste snøen ved sankthans, fortel ho.

Sjølv har ho ikkje tippa noko tidspunkt i år, men kan avsløre at mannen hennar, som er ekspert på isbrear, har tippa 31. mai.

– Men eg trur snøhaugen kjem til å ligge lenger, røper ho.

Fryktar ikkje juks

Så velsigna som jostedølane er med rikeleg med snø, er det ikkje rart at folk engasjerer seg i tippekonkurransen. Ein av dei som har snø som sitt fagfelt er Jostein Aasen. Han jobbar som tinderettleiar, og med snøskredvarsling i NVE.

Jostein Aasen

SKAL TIPPE: Jostein Aasen seier mange av dei som har tippa til no, har tippa godt ut i juni.

Foto: privat

Han er også flirfull når han fortel om tippekonkurransen.

– Eg har ikkje lagt inn tips enno, vedgår Aasen som ikkje legg skjul på at han kjem til å bruke ulike avanserte dataverktøy for å prøve å kome nærast mogleg rett dato.

– Kva med snøhaugen, blir den beskytta, slik at folk ikkje kan jukse?

– Eg håpar det er såpass sjølvjustis i bygda, at folk ikkje tek med seg snø heim eller slike ting. Det kjem til å bli oppdaga, seier Aasen.

Om nokon klarar å tippe rett dato, kan vedkommande altså vente seg heider og ære. Enitch vurderer å ta på seg spanderbuksene også.

– Eg kan vel spandere ein øl på den som vinn, så kan vinnaren sole seg i glansen, humrar han.

Her kan du bli med på tippekonkurransen du også. (Ekstern lenke).