Hopp til innhold

Her testar Johannes det som kan vere dei nye gullskia

SOGNEFJELLET (NRK): Med sol på kroppen og snø under 30 par nye ski, testar Johannes Thingnes Bø ut det som kan gje nye gullmedaljar rundt halsen.

Johannes Thingnes Bø på Sognefjellet

FINT DRIV: Johannes Thingnes Bø og resten av landslaget er samla på Sognefjellet denne veka.

Foto: Henrik Halvorsen Agledal / NRK

– Det er heilt perfekt. Vi har vore heldige med vêret, det har vore sol ei veke i strekk. Vi kom i går, og dei skiturane vi har hatt har vore blant dei betre eg nokon gong har hatt.

Det seier den doble verdsmeisteren frå Holmenkollen til NRK då vi møter han på Sognefjellet tysdag. Her får det nye trenarteamet Egil Kristiansen og Sigfried Mazet verkeleg sjå korleis landslagsutøvarane taklar snøen midt på sommaren.

– Vi jobbar med skiteknikk, vår nye trenar Egil Kristiansen har gitt oss feedback på kva som må gjerast. I tillegg testar vi mykje ski, eg har fått nærare 30 nye par. Det er viktig, for dersom ein skal vinne gull må ein ha dei beste skia, seier Johannes og gliser.

Johannes Thingnes Bø og Egil Kristiansen

NY TRENAR: Egil Kristiansen følgjer nøye med på det Johannes Thingnes Bø gjer i løypa på solkledde Sognefjellet.

Foto: Henrik Halvorsen Agledal / NRK

Tarjei måtte vere heime

Storebror Tarjei har vore litt småsjuk, og fekk ikkje høve til å bli med på snøsamlinga på Sognefjellet denne veka.

– Han har malt verandaen og sånne ting som du alltid utset. Kanskje han hadde godt av eit avbrekk, så fekk han ta i eit tak. Han er sikkert like rundt hjørnet når det gjeld trening og det er nok ingen krise at han er sjuk, meiner Johannes.

Vil utfordre Fourcade

Sjølv meiner han at han no kan bli så god at han klarar å utfordre verdseinar Martin Fourcade frå Frankrike gjennom ein heil sesong, og ikkje berre i einskilde løp.

– Dersom eg gjer jobben riktig og har litt stong inn, så kan eg vere med å kjempe om den gule trøya. Men Fourcade er veldig suveren, og det skal vel litt til om eg tar fleire hundre poeng ekstra. Men motivasjonen er der, og eg håper sjølvsagt på å få det til.