Hopp til innhold

Her spring «Mensen Ernst» i mål

Ein av Sogn og Fjordane sine mest berømte menn opp gjennom tidene har dei siste vekene på ny sprunge land og strand rundt i fylket. I teatersjef Terje Lyngstad sin skikkelege kom «Mensen Ernst» endeleg i mål – og det på fylket sin bursdag.

Sist fredag la Terje Lyngstad, i "Mensen Ernst-drakt", ut på si sju dagar lange reise gjennom Sogn og Fjordane. Ei reise han tek både for å heidre løpskongen frå Fresvik, men også for å feire at Sogn og Fjordane er 250 år. På sjølvaste bursdagen, torsdag 19. september, gjekk han i mål på Leikanger.

ENDELEG I MÅL: Med over 400 kilometer i beina kunne Mensen Ernst, i Terje Lyngstad sin skikkelse, endeleg gå i mål på Leikanger torsdag ettermiddag. FOTO: Heidi Lise Bakke.

– Det har var heilt fantastisk, eg har til og med fått laurbærkrans, sa Lyngstad til NRK.no etter målgang på Leikanger torsdag ettermiddag.

Midt i jubileumsfeiringa til Sogn og Fjordane fylke vart alle si merksemd retta mot Lyngstad der han kom springande.

Stuntet til den sporty teatersjefen har utan tvil blitt lagt merke til, og det med god grunn.

– Ubeskriveleg, frå start til slutt

Terje Lyngstad har nemleg sprunge fylket rundt for å heidre den gamle løpskongen, Mensen Ernst, frå Fresvik i Sogn. Målet er å heidre den kjente løparkongen, men også å framheve idrettsglede og folkehelse, og å feire at Sogn og Fjordane er 250 år.

I vår og sommar sprang han 250 mil på 100 dagar, og dei siste dagane har han gjennomført den store styrkeprøven.

Sist fredag starta han turen heilt nord i Sogn og Fjordane, og etter sju dagar på landevegen kom han i dag i mål i Leikanger. Då med 422 kilometer i beina. I biografien om Ernst står det at han brukte ei påfulgdrakt, og difor har også Lyngstad sprunge rundt i ei slik drakt.

På Leikanger hadde folk møtt opp i hopetal for å klappe han fram dei siste meterane.

– Det er heilt fantastisk. Det er vanskeleg å ta inn, sa Lyngstad til NRK.no like etter at han hadde gått i mål.

– Korleis var det å bli klappa inn her?

– Det er heilt ubeskriveleg, og slik har det eigentleg vore frå start til slutt. Det har vore mange folk mange stader, og stor entusiasme, fortel Lyngstad.

(Artikkelen held fram under)

Nokre teatersjefar går lengre enn andre for å promotere teaterstykka sine. Sjefen ved Sogn og Fjordane teater har lagt bak seg hundre kilometer i påfugldrakt.

SJÅ TV-SAKA: Sjå kor langt teatersjefen har valt å strekkje seg for å promotere teaterstykket om Mensen Ernst.

– Det har vore tunge stunder

Løparkongen teatersjefen har heidra var opphavleg frå Fresvik i Sogn. Sjømannen Ernst vart Norges første profesjonelle idrettsutøvar. Etter sitt første langløp i 1819, stod vikjen for ei lang rekkje oppsiktsvekkjande prestasjonar.

Ein av dei mest kjende er Paris–Moskva, ein distanse han brukte 14 dagar på å gjennomføre.

Dei siste dagane har også «den nye» Mensen Ernst, i Terje Lyngstad sin skikkelse, stått for det som må kallast ein prestasjon. På ei veke har han lagt bak seg ein distanse som svarar til vel ti maraton.

Reisa starta på fylkesgrensa ved Åheim i nord, og gjekk via Måløy til Bremangerlandet, Eikefjord, Askvoll og til Brekke. Frå Kringla gjekk det vidare innover via Oppedal og Bjordal, så til Arnavik, Vik og Fresvik. Og til slutt altså til Leikanger, der Lyngstad vart møtt av ein jublande folkemasse.

– Du er jo knapt andpusten?

– Nei, det kan ein ikkje vere, gliste Lyngstad.

– Men eg har slite, og det har vore tunge stunder og eg har hatt vondt i beina, vedgjekk han.

26. september har Sogn og Fjordane teater premiere på det nye stykket om løparkongen Mensen Ernst.

Terje Lyngstad, i "Mensen Ernst-drakt" har lagt ut på si sju dagar lange reise gjennom Sogn og Fjordane. Ei reise han tek både for å heidre løpskongen frå Fresvik, men også for å feire at Sogn og Fjordane er 250 år.