Hopp til innhold

Her spring "Mensen Ernst" i sitt eige minneløp

Terje Lyngstad har dei siste månadane sprunge i påfugldrakt, for å skape blest kring teateroppsetjinga om Mensen Ernst. Laurdag deltok han i "sitt eige" minneløp.

– Det var utruleg spesielt. Det er alltid så kjekt å komme til Fresvik. Det er ei flott bygd med eit unikt samhald og ei spesiell dugnadsand, seier teatersjef ved Sogn og Fjordane teater, Terje Lyngstad.

26. september har Sogn og Fjordane teater premiere på det nye stykket om løparkongen Mensen Ernst (1795-1843) som kom frå Fresvik.

I biografien om Ernst står det at han brukte ei påfugldrakt, og slik kom Lyngstad på ideen om at han kunne springe i ei slik også. Drakta er lik den som skal brukast i teaterstykket.

Nesten som ei Clark Kent-drakt

– Den er kjempegod å springe i. Det er nesten litt slik Clark Kent-drakt (Supermann red.anm). Då eg stod opp laurdag, tenkte eg at eg ikkje kom til å orke å springe. Kroppen var stiv og støl. Men når drakta kom på, så vips var eg klar, seier Lyngstad, og ler.

Han tykte løpet gjekk bra, men saknar fleire konkurrerande.

Mensen Ernst

SPREKING: Den verkelege Mensen Ernst skal ha sprunge i ei slags påfugldrakt. Han kom frå Fresvik, og vart ute i Europa kjend som 'løparkongen'.

– Dei har fått til ei fantastisk løype i Fresvik. Ho er variert med både motbakke og nedoverbakke, samt at ho går i vakker natur, seier Lyngstad.

Løypetraseen vart lagd om i fjor, og også arrangøren er godt nøgde med korleis løypa har vorte.

– Det er ei spesiell løype, litt annleis enn kva mange andre har. Vi har lagt ho slik at ho også er innom Nærøyfjorden verdsarvområdet, seier Gyda Bøtun i arrangørkomiteen.

Trur vêret skremde ein del

Også ho skulle gjerne sett fleire på startstreken laurdag då løpet vart arrangert for 27. gong.

– Vi trur nok at vêret skremde nokon frå å delta. I tillegg kolliderte løpet med ei skiskyttarsamling, så der mista vi mange som elles pleier å delta. Og så har vi kanskje ikkje klart å marknadsføre løypa vår godt nok, seier Bøtun.

Ho er likevel godt nøgd med arrangementet.

– Det kunne vore litt fleire aktive. Men 70 stykker stilte til start i trimklassen, og det var bra når ein tenkjer på kor dårleg vêret var, seier Bøtun.

Ho er også glad for at så mange stilte opp for å heie på dei som sprang.

– Publikum var flinke til å stille, seier Bøtun.

Har sprunge 250 mil på ti dagar

Lyngstad har dei siste 100 dagane sprunge 250 mil, altså i snitt 2,5 mil om dagen. For i september ventar den store styrkeprøven til gangs. På ti dagar skal Lyngstad springe 422 kilometer i heile Sogn og Fjordane.

Ei distanse som tilsvarar ti maraton. På sju dagar.

– Eg er avhengig av å få ein del lange turar for å vere rusta til det. Men no er eg der at eg kjem til å klare å gjennomføre det, seier Lyngstad.

Tidlegare denne veka sprang han strekninga Rivedal-Førde på 68 kilometer. Førre veke sprang han frå Førde til Dale, 38,5 kilometer.

Han har til no i år gjennomført ti maraton.

– Eg tippar eg kjem ut omtrent som i fjor. Då sprang eg 16, seier Lyngstad, som leikar med tanken om å prøve seg på ultraløp.

– Det er no eg har sjansen, så eg trur eg kjem til å prøve meg, seier Lyngstad.