Terje Lyngstad har overnatta på Selje hotell, og starta i dag å springe frå fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, på Åheim.
– Motivasjonen er på topp, eg gler meg veldig, seier Lyngstad.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under videoen)
Skal springe 420 kilometer
Teatersjefen ved Sogn og Fjordane teater lada opp på Selje hotell, før han klokka 06.40 starta turen frå Åheim, på grensa mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. I løpet av dei neste sju dagane skal han leggje bak seg 420 kilometer på landevegen.
Lyngstad håpar å vere i Måløy klokka 12.40 i dag..
– Eg håpar det vert eit fint mottak, at det er fleire som stiller på torget og blir med og feirar idretten og Mensen Ernst, seier Lyngstad.
Han vil meir enn gjerne ha nokon som spring med han delar av distansen, dersom nokon føler for det.
(Artikkelen held fram under biletet)
- LES OGSÅ:
Håpar mange stiller langs løypa
Idrettskrinsen har i samband med 250 års jubileet for Sogn og Fjordane, eit samarbeid med Sogn og Fjordane teater for å få til dette løpet for å heidre Mensen Ernst.
– Vi er i ein flott situasjon når vi har ein teatersjef som er villig til å springe i sju dagar i Mensen Ernst si ånd frå heilt nord i fylket og sørover til Leikanger der vi kjem torsdag neste veke, seier nestleiar i Sogn og Fjordane idrettskrins, Arve Heimdal.
Med andre ord skal Lyngstad springe ti maraton på sju dagar, i tillegg til at han skal halde foredrag på kveldane.
– Vi er veldig glade for å vere ein samarbeidspart her, og håpar dette kan bli eit motivasjonsløp for idrettslaga rundt om i fylket. Vi håper mange klubbar og skular stiller opp langs ruta for å gi sin hyllest, seier Heimdal.
(Artikkelen held fram under biletet)
- LES OGSÅ:
Litt usikker på om fredag 13. betyr noko...
– Eg seier lykke til til meg sjølv, og til heile fylket. Vi feirar at det er 250 år sidan vi vart eit fylke. No gler eg meg berre til å komme i gang, seier Lyngstad.
At det er fredag den 13. i dag, tek ikkje Lyngstad altfor tungt.
– Det er ikkje gunstig for teaterfolk, men eg har banka mykje i bordet, og gjort førebuingane så godt eg har kunna, så eg håpar eg slepp unna noko, seier Lyngstad.
- LES OGSÅ: